Hopp til innhald

Fagstoff

Historia til kristendommen

Kristendommen starta som ei lita, jødisk sekt som etter kvart blei statsreligion i det største imperiet på den tida – Romarriket. Dei etterfølgjande viktigaste hendingane i kristendommen si historie er Det store skismaet i 1054 og reformasjonen på 1500-talet.

Byrjinga til kristendommen

Kristendommen starta som ei jødisk sekt sentrert rundt personen og læra til Jesus frå Nasaret. Jesus blei skulda for blasfemi og avretta via korsfesting, men stod opp frå dei døde ifølgje dei næraste tilhengjarane sine, apostlane. Oppstandelsen blei sett som bevis for at Jesus var den lova Messias nemnd i jødane sin bibel.

Frå jødisk sekt til universalreligion

Ifølgje dei fire evangelia viser Jesus seg for apostlane etter Oppstandelsen. Då beordrar Jesus apostlane til å spreie bodskapen hans til alle folkeslag – dette blir kalla for misjonsbefalinga. Apostlane byrja deretter å misjonere til alle, ikkje berre til jødar. Dei starta òg med å organisere oldkyrkja, det vil seie dei tidlegaste trussamfunna.

Kristendommen blei dermed misjonerande og universal, open for alle, i motsetnad til jødedommen, som er ein etnisk, ikkje-misjonerande religion. Det vil seie at det ligg i naturen til kristendommen å spreie læra til alle menneske på jorda. Dette er ein av grunnane til at kristendommen har blitt den største religionen i verda.

Kyrkja går under jorda

Det nye testamentet fortel at dei kristne raskt blei fleire og spreidde seg til dei fleste romerske byane i løpet av dei første hundre åra. Årsaka til det var mellom anna at læra til kristendommen om tilgiving for alle appellerte til alle samfunnslag i antikken, etter kvart òg blant den romerske politiske eliten.

Steintavle heng på ein vegg. På tavla er det gresk tekst og to fiskar med eit anker i midten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Antikken – Konstantin ryddar veg for den kristne kyrkja

På 300-talet gjennomgår kristendommen radikale forandringar.

Keisar Konstantin såg at den kristne kyrkja var godt organisert, var populær i alle samfunnslag, og kunne bli ei støtte for styret hans. Derfor valde han å organisere kyrkjemøtet i Nikea i år 325, der kristne biskopar skulle bli samde om ei felles truvedkjenning.

Denne truvedkjenninga blir grunnlaget for at eitt bestemt kyrkjesamfunn, den katolske kyrkja, seinare får statsstøtte i Romarriket i år 380. I dei etterfølgjande tiåra blir alle andre religionar og former for kristendommen forbodne, og annleistenkjande blir forfølgde og blir ikkje tolererte. Den katolske kyrkjeorganisasjonen blir meir sentraliserte og får maktmonopol.

Dermed blir kyrkja eit klassisk kontrollorgan for keisarane til å samle og kontrollere befolkninga.

Mellomalderen – splittinga mellom Austkyrkja og Vestkyrkja

Då kyrkja fekk statsmakt, starta ein utviklingsprosess som til slutt medførte ei absolutt splitting av kyrkja i 1054.

I mellomalderen blei det politisk maktkamp mellom dei to mektigaste bispeseta på den tida – biskopen i Roma, som etter kvart fekk tittelen pave, og erkebiskopen av Konstantinopel (dagens Istanbul), som ber tittelen patriark. Paven ønskte å bli leiaren for heile kristendommen, men dette blei ikkje godteke i Konstantinopel. Religiøst skilde Roma og Konstantinopel seg ytterlegare ved ulike gudstenesteformer og ulikt fokus på treeininga, synd og gudserfaring.

I år 1054 bannlyste patriarken av Konstantinopel og paven i Roma kvarandre. Dette førte til ei kyrkjeleg splitting, ofte kalla Det store skisma. Austkyrkja blei kalla den gresk-ortodokse (rettruande), mens Vestkyrkja blei kalla den romersk-katolske (allmenne). Bannlysninga blei ikkje oppheva før i 1965.

Tidslinje som viser kristendommen si utvikling. Tidslinja viser Jesu fødsel, byrjinga til kristendommen rundt år 30, at kristendommen blir statsreligion i Romarriket på 300-talet, delinga av Romarriket i år 395, Det store skisma i 1054, og reformasjonen på 1500-talet. Linjene som viser utviklinga nedover, er forma som ei kyrkje med spisst tak og kors på toppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reformasjonen – Martin Luther og protestantane

Munken Martin Luther blir rekna som ein av dei viktigaste skikkelsane som igangset reformasjonen i 1517. Luther var kritisk til praksisen og læringsgrunnlaget til den katolske kyrkja, og han ønskte å reformere kyrkja. Han meinte mellom anna at kyrkja praktiserte ting som ikkje stod i bibelen, slik som avlatshandel.

Dette blei seinare rekna som starten på ei reformrørsle som førte til brot med den romersk-katolske kyrkja. Dermed blei Vestkyrkja delt i løpet av 1500-talet, og det oppstod mange nye kyrkjesamfunn. Desse blir kalla for protestantiske kyrkjesamfunn.

Blant desse nye har vi til dømes den evangelisk-lutherske kyrkja, basert på læra til Luther, den reformerte kyrkja, kalvinistane, basert på den strenge læra til sveitsarane Jean Calvin og Ulrich Zwingli, og den anglikanske kyrkja, som er eit resultat av at den engelske kongen Henrik 8. braut med paven og den katolske kyrkja i 1534, fordi Henrik ville skiljast og gifte seg på nytt.

CC BY-SASkrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Betydninga av religion