Hopp til innhald

Fagstoff

Konge og kyrkje – maktkamp og samanfallande interesser

Med innføringa av éin konge og éin Gud – éin verdsleg og éin åndeleg leiar – hadde både kongen og kyrkja festa eit godt grep om folket i Noreg. Men nettopp her låg òg kimen til konflikt, nemleg den interne kampen om makta, æra og ikkje minst skattepengane.
Olavsfrontalet fra første halvdel av 1300-tallet viser historier fra tiden rundt slaget på Stiklestad i 1030. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For var det eigentleg kongen eller kyrkja som skulle ha mest makt i det nyoppretta Noreg?

Gjensidig avhengige

Kristendommen var ein viktig faktor i samlinga av Noreg. Eit av ideala i kristendommen var ein sterk konge som styrte over store område, og ein såg på kongen som Guds utsende på jorda. Dette gav kongen ein enorm legitimitet, og ikkje minst makt over den nyoppretta kyrkjeorganisasjonen. Slik kunne kongane, med religionen på si side, leggje under seg lokale hovdingar og leiarar. På denne måten danna den nye religionen grunnlag for ei sterk kongsmakt.

Samtidig har vi òg sett at det var viktig for kyrkja å tilpasse seg dei lokale forholda. Elles ville ho neppe ha fått så stor oppslutning. Derfor var det fornuftig for kyrkja å gå inn i eit tett samarbeid med den framveksande kongemakta. På den måten kunne dei sikre seg inntekter i form av kongelege donasjonar og ein viktig posisjon i det nye norske samfunnet. Det var òg viktig for kyrkja å samarbeide med ein sterk konge, som kunne hindre krig, slik at kyrkja kunne etablere seg i fred og ro. På denne måten var kyrkja like avhengig av kongemakta som kongen var av kyrkja.

Maktkamp

Då kyrkja blei etablert i Noreg, var det med kongen i spissen. Han var Guds representant på jorda, og han fekk derfor stor makt over kyrkjeadministrasjonen, både økonomisk og ideologisk. Slik var det òg dei fleste andre stader i Europa på same tid.

På 1000-talet voks det fram ei ny kyrkjeleg rørsle i Frankrike. Dei ønskte at kyrkja i større grad skulle styre seg sjølv og ikkje liggje under verdslege makthavarar. Denne ideen førte til store konfliktar mellom kyrkja og kongemakta fleire stader i Europa, og på midten av 1100-talet nådde uroa Noreg.

Nidarosdomen 1661. Kobberstikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som ein konsekvens av denne striden fekk Noreg sitt eige erkebispesete i Nidaros i 1152/53. Det førte til at kyrkja fekk utvida makt i Noreg, på kostnad av kongen. Mellom anna blei det bestemt at kyrkja skulle ha «tiende». Tienda var ein skatt som utgjorde ti prosent av kornproduksjonen i landet. På den måten blei kyrkja, som tidlegare hadde vore avhengig av kongelege donasjonar, i stor grad økonomisk uavhengig. Kyrkja kunne òg bannlyse enkeltmenneske og dermed stengje dei ute frå kyrkja. I eit samfunn der nettopp den felles gudsdyrkinga var svært viktig, var ei slik straff ganske hard. Derfor var det viktig for både kongar og andre å ha eit godt forhold til kyrkja, noko som òg gjorde sitt til at kyrkja utvida maktposisjonen sin.

Starten på ei uroleg tid – borgarkrigstida

Den norske tronfølgjeordninga var ikkje heilt ukomplisert i byrjinga. Ho kombinerte nemleg arv og kåring. Det vil seie at alle søner av kongen hadde rett på trona, same om han var yngst eller eldst, eller var fødd i eller utanfor ekteskap. Derfor var det mange kandidatar å velje mellom kvar gong trona blei ledig. Den som var best skikka, hadde flest politiske støttespelarar eller på annan måte fekk overtaket på brørne sine, blei konge. Dette systemet kunne dessverre føre til store konfliktar mellom dei ulike kandidatane. Då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130, var det nettopp det som skjedde. Stridane etterpå skulle vise seg å bli starten på ein over hundre år lang periode med uro rundt kongemakta, kjend som borgarkrigstida.

Med bakgrunn i den nye maktposisjonen sin kunne også kyrkja blande seg inn i denne typen konfliktar, ved å gi støtte til ein av kandidatane. Ettersom kyrkja hadde ei viktig rolle i kroninga av kongen, og ikkje minst legitimeringa av kongemakta, var denne støtta viktig.

Slaget på Re. Illustrasjon til Magnus Erlingssons saga, Heimskringla 1899-versjonen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Birkebeinarar og baglarar

Mot slutten av 1100-talet danna det seg to grupper som støtta kvar sin tronfølgjar, nemleg birkebeinarane og baglarane. Birkebeinarane fekk namnet sitt fordi nokre av dei var så fattige at dei batt bjørkenever under føtene i staden for å bruke ordentlege skor. Denne gruppa støtta kongsemnet Sverre Sigurdsson. Det blei påstått at Sverre var uekte son av kong Sigurd Munn. Om det var tilfelle, er likevel tvilsamt. Likevel var det dette som danna grunnlaget for at han gjorde krav på den norske trona. Men etter kyrkja sine ideal var ikkje Sverre ein god nok kandidat. Kyrkja ville ha ein tronfølgjar som var fødd innanfor ekteskap. Det var Magnus Erlingsson, som var barnebarn av Sigurd Jorsalfare. Derfor støtta kyrkja opp om Magnus. Denne gruppa blei kalla baglarar, etter det norrøne ordet for bispestav – «bagall».

Sverre var konge i Noreg frå 1177 til han døydde i 1202. Men konfliktane mellom dei to gruppene varte til lenge etter at han var død. Dei støtta framleis kvar sine kandidatar. Det var i samband med denne striden at birkebeinarane fekk frakta den mindreårige Håkon Håkonsson over fjellet til Nidaros i 1206. Håkon var barnebarn av kong Sverre og birkebeinarane sin kandidat til trona. Det var viktig å få den framtidige kongen fram til Nidaros, som var eit sentrum for kongemakta. Skituren over fjellet er blitt ståande som eit viktig symbol i norsk historie, og Håkon blei òg vald til konge i 1217. Etter at mennene hans hadde slått ned det siste baglaropprøret i 1240, blei det endeleg fredelegare tider i Noreg.

Noreg etter borgarkrigstida – eit nytt samfunn

Birkebeinarane stod att som sigerherrar etter borgarkrigstida, og baglarane måtte innsjå nederlaget. Likevel innebar ikkje dette ei svekking av kyrkja si makt. Tvert imot hadde hundre år med stadige stridar gjort at både statsmakta og kyrkja hadde festa eit hardare grep om den norske befolkninga. Opprettinga av nokså faste interessegrupper, som viste tydeleg kva dei stod for, gjorde at folk enkelt kunne velje kven dei ville støtte. For kongen sin del kunne han bruke militærmakt til å krevje inn skattar og skape lojalitet hos folket. På den måten styrkte kongen maktposisjonen sin.

I løpet av den urolege tida var fleire sider ved kongedømmet også blitt formalisert og tydeleg bestemt. Kyrkja hadde fått igjennom kravet sitt om at det var den eldste ektefødde sonen som skulle arve trona. Denne tronfølgjelova blei vedteken i 1163. I løpet av 1200-talet hadde kongen òg fått eit kongsråd. I kongsrådet sat mektige menn som skulle rettleie kongen og hjelpe han med å administrere landet. Med innføringa av tronfølgjelova og kongsrådet kan vi seie at kongedømmet ikkje lenger var like sterkt avhengig av den enkelte kongen sine personlege eigenskapar som tidlegare. Det var den eldste sonen som arva trona, ikkje den som blei oppfatta som best skikka. Samtidig fekk kongen med seg rådgivarar, som kunne sikre styringa av landet sjølv om kongen sjølv mangla dei nødvendige eigenskapane. Andre sider ved statsadministrasjonen blei òg bygd ut i denne perioden, med til dømes fastare skatteinnkrevjing og utbygging av forsvaret.

Vi kan på mange måtar seie at ved slutten av borgarkrigstida hadde Noreg gått frå å vere eit laust samanbunde og personavhengig kongerike til å bli ein stat med ein godt utbygd statsadministrasjon.

CC BY-SASkrive av Annikken Johansen. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 21.09.2017

Læringsressursar

Betydninga av religion