Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: Religion, makt og menneskesyn

Religion har spelt ei sentral rolle i heile menneskja si historie. Han har gitt mennesket meining, tilhøyrsle og ei forståing av verda, samfunnet, seg sjølv og andre.

Ifølgje læreplanen i historie skal du kunne "beskrive religionens betydning for samfunns- og maktforhold fra middelalderen til og med vår tid og vurdere dens rolle i menneskers selvoppfatning og syn på andre". I denne teksten får du ei oversikt over viktige hendingar og endringar i religionen si betydning og dessutan ei innføring i nokre sentrale omgrep knytte til religion, makt og menneskesyn.

Avgrensing i tid og rom

Frå mellomalderen (500–1500) til vår tid har kristendommen vore den dominerande religionen i Europa. Etter 1500 vart kristendommen òg spreidd til resten av verda, og han er i dag den største av alle religionen. Når vi skal studere utviklinga frå mellomalderen til vår tid, er det mest naturleg å leggje vekt på europeiske forhold og utviklinga til kristendommen, men mange av perspektiva som blir tekne opp i dette temaet, kan òg overførast til andre område og andre religionar.

Monopol og usemjer

På 300-talet, mens Romarriket framleis eksisterte, vart kristendommen innført som statsreligion og vart etter kvart den einaste tillatne religionen i riket. Samtidig vart riket delt i to: Aust- og Vest-Romarriket. Kyrkja utvikla seg ulikt i dei to delane av riket, og i 1054 vart kyrkja splitta i det som vi i dag kjenner som den katolske kyrkja i vest og den ortodokse kyrkja i aust.

Kristendommen var på dette tidspunktet fullstendig dominerande i Europa. Det var i liten grad rom for andre religionar eller andre variantar av kristendommen. Ein kan seie at kristendommen hadde monopol på religion, og i Vest- og Mellom-Europa var det den katolske kyrkja med paven i spissen som dominerte heilt fram til nye usemjer under reformasjonen på 1500-talet. Den katolske kyrkja heldt fram med å dominere i sør, men i nord braut fleire land med paven og danna sine eigne nasjonale kyrkjer.

Menneskesyn

Kyrkja si makt var først og fremst ei ideologisk makt, det vil seie makt over folk si tru og tankane og ideane deira. Kyrkja hadde makt fordi folk trudde på kyrkja sin bodskap. Gjennombrotet til kristendommen i Europa betydde ei radikal endring i menneskesynet til europearane. Noko av det mest uvane må ha vore omgrepet "synd". Rett nok hadde ein hatt reglar for rett og gale òg før innføringa av kristendommen, men no vart ein òg ansvarleg overfor Gud.

I tillegg til den nye førestillinga om synd, førte kristendommen òg med seg andre endringar i måten å tenkje på. Æresomgrepet, som i stor grad hadde vore knytt til mot og krigarvilje, endra seg. Med den nye religionen vart òg ære noko som skulle knytast til Gud og det å vere ein god kristen. Nestekjærleik, audmjukskap og tilgiving var kristne ideal som var ganske revolusjonerande både for europearane i antikken og, seinare, for det norrøne vikingsamfunnet.

Humanisme

Rundt 1500 hadde ei bølgje av nye tankar og ideal spreidd seg i Europa. Denne bølgja kallar vi renessansen. Renessanse betyr "atterføding", og det er kulturen og ideala til antikken som blir fødde på ny. Dette innebar at ein byrja å stole meir på mennesket si fornuft og mennesket sine evner til å forstå verda. Ein sette mennesket i sentrum og la grunnlaget for den moderne humanismen.

Desse nye tankane førte òg til endringar i kristendommen. Eit døme på dette er at ein i dei nye kyrkjene som oppstod under reformasjonen, sette om Bibelen til lokale språk. Då kunne alle "gå til kjelda" sjølv og bruke si eiga fornuft til å tolke ho. Dei var ikkje lenger avhengige av kyrkja si tolking av den latinske Bibelen.

Sekularisering og mangfald

I nyare tid har betydninga til religionen vorte mindre på ein del område. Dette kallar vi sekularisering. Sjølv om dei fleste i verda er religiøse, er religion i mindre grad noko som gjennomsyrer folk sine liv og alle sider av samfunnet. Det er òg stadig fleire som ikkje reknar seg som religiøse.

Graden av sekularisering varierer mykje frå stad til stad, og på enkelte område kan òg religion i periodar få meir betydning, til dømes i samband med krig eller konflikt der religion er eit tema. På grunn av og flytting på tvers av landegrenser finn vi no òg eit mykje større mangfald av religionar enn før, og nye former for religiøsitet oppstår.

I videoen under får du ei samanfatning av årsaker og utviklingstrekk som er knytte til sekularisering og moderne religionsmangfald.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2021). Læreplan i historie – fellesfag i studieforberedende utdanningsprogram (HIS01‑03). Henta frå https://www.udir.no/lk20/his01-03

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2021

Læringsressursar

Betydninga av religion