Hopp til innhald
Forsøk

Oppbevaring av frukt og grønsaker

For å hindre matsvinn er det viktig å oppbevare frukt og grønsaker korrekt. I denne interaktive oppgåva kan du teste kunnskapane dine ved å dra og sleppe frukt og grønsaker på rett oppbevaringsplass. I tillegg finn du to praktiske forsøk på ulik oppbevaring.

Banan

Test haldbarheita og smaken til bananar som blir oppbevarte på ulike måtar. Her bør du teste med bananar som er lysegule og akkurat har vorte modne.

  • Lagre nokre bananar på kjøl.
  • Lager nokre bananar på kjøkkenbenken (pass på at dei ikkje ligg i nærleiken av annan etylenproduserande frukt).
  • Lagre nokre bananar på kjøkkenbenken saman med nokre eple.

La bananane liggje i fem dagar, og samanlikne dei:

Korleis er utsjånaden på bananane som er oppbevarte på kjøl, kjøkkenbenk og saman med eple? Er det nokre skilnader? Skrell dei og smak, korleis er smaken på dei ulike bananane?

Agurk

Agurken er ei grønsak som inneheld mykje vatn, opptil 96 prosent. Dette gjer at ho lett får fryseskadar og mistar smak.

Test haldbarheita og smaken til agurk ved å lagre han på ulike måtar:

  • på kjøl som held mellom 0 og 4 gradar
  • på kjøkkenbenken utan plastemballasje
  • på kjøkkenbenken i plastemballasje

La agurkane liggje i fem dagar, og samanlikne dei:

Korleis er utsjånaden på dei ulike agurkane? Skjer ei skive og smak, er det nokon skilnad på smaken?