Tillaging av grønsaker - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Tillaging av grønsaker

Grønsaker blir brukte som garnityr til både kjøtt og fisk, men kan òg bli til eigne rettar. I denne oppgåva skal du setje deg inn i ulike grønsaker og korleis desse kan lagast til.

Teoridel: Finn fakta om grønsaker

Jobb individuelt og lag ein presentasjon om desse grønsakene: sellerirot, gulrot, ein valfri lauk, blomkål og tomat.

Presentasjonen skal gi svar på desse spørsmåla:

  • Når er det sesong for kvar av grønsakene?

  • Kva slags næringsinnhald har dei, kva inneheld dei mykje av?

  • Korleis skal dei enkelte grønsakene lagrast?

  • Kva tillagingsmetodar kan brukast på grønsakene?

  • Kva retter passar dei enkelte grønsakene til?

Du kan bruke Word, PowerPoint og andre digitale program til å lage presentasjonen din, eller du kan lage han på ein plakat eller eit ark.

Praktisk del: Tillaging av ei grønsak

Klassen blir delt i grupper på 2–3 elevar. Gruppene får ansvaret for kvar si grønsak.

Kvar gruppe vel ut tre ulike tillagingsmetodar som passar til grønsaka dei har ansvaret for, og finn oppskrifter.

Gruppene går på kjøkkenet og lagar grønsaka si på dei tre ulike måtane, saman med omnsbakt kyllingbryst.

Sensorisk del: Smak på kvarandre sine rettar

Kvar gruppe presenterer dei ulike rettane sine for dei andre, og lèt dei andre smake og vurdere rettane.

Reflekter:

  • Kor nøgd vart du med rettane gruppa di laga?

  • Har du lært nokon nye måtar å lage til grønsaker på i dag?

  • Av alle grønsaksrettane du smakte på i dag, kva for ein likte du best, og kvifor var det denne du likte best?

  • Vart du inspirert til å variere meir med tillagingsmetodane?

Skrive av Einar Martin Kålen og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022