Gode råd for plukking og tillaging av sopp
- ei soppbok av ny dato (Kunnskapen om sopp er i stadig utvikling.)
- ei luftig soppkorg (ikkje plastpose)
- kniv og børste (Du kan få kjøpt soppkniv med børste i den eine enden og kniv i den andre.)
- plastboksar
- eventuelt saks
Ikkje plukk sopp ved trafikkerte vegar, på søppelfyllingar og avfallsplassar eller på andre stader der det kan vere brukt kjemikal. Du plukkar sopp ved å vri dei forsiktig laus frå underlaget. Små soppar, til dømes traktkantarellar, kan du klippe med ei vanleg saks.
Sopp som du er 100 prosent sikker på at er etande, kan gjerne grovreinsast der du plukkar han. Børst soppen rein for jord, del han på langs for å sjå om det er mark i han, og reinskjer han. Ikkje skjer i ukjend sopp som du skal vise fram på soppkontrollen. Særleg er det viktig at stilkbasisen er med på kontrollen. Ukjend sopp kan du eventuelt ta med på ein soppkontroll. I aktivitetskalenderen til Norges sopp- og nyttevekstforbund finn du ei oversikt over kontrollar og annan aktivitet i heile landet.
Nokre giftige soppar
- Slørsopp
- kan vekse saman med traktkantarell og kan ved første augnekast minne om denne. Slørsopp har ikkje nedløpande riller, og stilken er ikkje så glatt som hos traktkantarell.
- Kvit flugesopp
- kan forvekslast med sjampinjong og er ein av Noregs giftigaste soppar. Han har kvite, frie skiver og luktar vammelt.
- Giftsjampinjong
- kan forvekslast med sjampinjong. Viss du lagar ei rift eller skjer gjennom denne, vil han straks bli gul. Soppen luktar blekk.
Du skal ikkje blande ukjende soppar med kjende. Derfor er det lurt å ha med nokre plastboksar (eventuelt bærkorger) for å skilje soppane frå kvarandre.
Nokre vanleg matsoppar
Sjeldan sopp bør få stå i fred, men det er likevel mange gode matsoppar ein kan plukke, til dømes spissmorkel, kantarell og steinsopp.
Generelt
Plukka sopp blir lett skjemd. Du bør derfor lage til soppen så snart som mogleg etter at du har plukka han. Viss du ikkje skal lage han til med ein gong, kan du oppbevare han kjølig eit par dagar viss du legg han utover på absorberande papir.
All sopp bør varmebehandlast godt.
Sopp er tungt fordøyeleg mat. Du bør derfor ikkje ete store mengder av gongen. Barn bør berre ete sopp i små mengder før seks–sjuårsalderen
Finreinsing
Børst soppen rein for jord, blad og eventuelt barnåler. Viss han er veldig skiten, kan du skylje han under vatn, men dette bør du unngå i størst mogleg grad fordi smaken kan tape seg. Del soppen i passande bitar.
NB! Ein del matsoppar må kokast av før dei kan steikast/kokast eller vidarebehandlast. Sjekk derfor i ei soppbok av ny dato kva soppar dette gjeld.
Avkoking
Legg soppen i kaldt vatn, og kok han i minst 10 minutt. Kokevatnet skal alltid kastast.
Frysing
Sopp kan frysast rå, avkokt eller steikt/sautert.
Råfrysing
Del soppen i mindre bitar, og frys han i tett emballasje. Råfrosen sopp bør du bruke i løpet av tre månader, ettersom han lett tørkar ut.
Frysing i eiga kraft
Legg soppen i ei steikepanne eller kjele ved middels varme. La han safte seg og koke i cirka 15 minutt. Frys soppen i eiga kraft. Viss krafta dekker soppen i emballasjen, vil han ha lang haldbarheit, minst eit år (føresett at emballasjen er tett, og at det ikkje er tilsett feitt).
Frysing av steikt/sautert sopp
Legg mindre bitar av sopp i ei varm panne med smør eller ei blanding av smør og olje. La det steike/koke til vatnet er fordampa. Tilset eventuelt salt og krydder. Ver merksam på at sopp som er steikt/kokt i feitt, ikkje har meir enn eit par månaders haldbarheit fordi han kan harskne.
Hermetisering
Bruk same framgangsmåte som for frysing i eiga kraft. Når soppen har kokt i si eiga kraft i 10–15 minutt, fyller du han i sterile glas (2/3 fullt). Set på tett lokk, og la glaset koke cirka 75 minutt i kjel eller steikeomn. Viss hermetiseringa er riktig utført og glasa blir oppbevarte mørkt, kan slik sopp bli oppbevart i fleire år.
Tørking
Mange soppar eignar seg godt for tørking, særleg dei som er tynne i kjøttet (som traktkantarellar). Større sopp deler du i tynne skiver på maks 3–5 mm. Soppen kan tørkast ved hjelp av ulike metodar. Det finst eigne tørkeskap på marknaden, men du kan òg tørke sopp i steikeomnen ved maks 50 gradar med døra på gløtt (sett ei tresleiv i døra), på brett med absorberande papir plassert på golv med varmekablar eller på ein varmvassbehaldar eller liknande. Du kan òg tre sopp på ei snor og henge dei til tørk på ein luftig stad.
Når soppen er heilt tørr, skal han oppbevarast i lufttett emballasje. Då vil han ha svært lang haldbarheit. Tørka sopp kan du knuse og ha i ein matrett som smakstilsetjing, eller du kan bløyte han i væske (til dømes vatn, kraft eller vin) og deretter lage han til vidare.
Nedlegging i olje eller eddik
Små soppar eller bitar av sopp kan du koke i vatn og eddik i underkant av 10 minutt og legge ned i ei god olje (til dømes olivenolje) saman med krydder eller i ei krydra sukker- og eddikblanding (sursylting). Sjå i kokebøker for å finne oppskrifter på dette.