Grønsaker
Grønsaker gir god smak og farge til maten og speler ei viktig rolle som garnityr til middagen. Dei kan etast rå eller varmebehandla. Hugs at det finst mange fleire spennande metodar enn å koke eller steike ei grønsak.
Dei kan både dampast, bakast, lagast til puré, gratinerast, syltast eller confiterast for å nemne noko. Smakskombinasjonar, fargenyansar og tillagingsmetodar er nesten uendelege for grønsaker. Dei kan formast og skjerast til på mange måtar. Du kan eksperimentere og variere anten du lagar kvardagsmat eller festmat. I tillegg til at du kan bruke dei som garnityr til hovudretten, kan du bruke grønsaker
i gryterettar, supper, stuingar og salatar
som fyll i bakverk
som smaksforsterkar i kraft
som hovudråvare i vegetarmat
I dag har vi eit stort utval av grønsaker heile året fordi vi importerer frå andre land. Dei norske sesonggrønsakene er likevel noko for seg sjølve. Klimaet i Noreg med kjølig og kort vekstsesong gir dei norske produkta ein særleg god smak og aroma. Dei fleste grønsakene er dessutan billigare og smaker best i sesongen.
Alle grønsaker skal vere friske og sjå fine ut. Det skal ikkje vere teikn til stygge flekkar, mugg, skadar eller liknande.
Det hender at grønsaker blir lagra litt for lenge og mistar spensten. Slappe grønsaker og salat kan få nytt liv igjen ved å legge dei i isvatn i 15 minutt. Slappe grønsaker er òg perfekte å putte i ei suppe eller bruke til kraftkoking.
Kostråda tilrår oss å ete minst fem og helst åtte porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag. Minst halvparten bør vere grønsaker. Varier mellom ulike typar grønsaker og frukt, og vel gjerne frukt og grønt ut frå fargane til regnbogen! Ein porsjon svarer til 100 gram og kan til dømes vere ein liten bolle med salat, ei gulrot eller ei middels stor frukt.
Du kan bruke friske, hermetiske, frosne og varmebehandla grønsaker, frukt og bær. Moglegheitene er mange.
Poteter, belgvekstar som bønner og linser, frø, krydder og urter er ikkje inkluderte i "fem om dagen", men det høyrer med i eit variert kosthald.