Hopp til innhald

Fagstoff

Oppbevaring av grønsaker og frukt

Ved å oppbevare og lagre grønsaker og frukt riktig, forlengjer vi levetida deira og hindrar at vi må kaste mat som har vorte dårleg.
Eit fat med ulike typer grønsaker: tomat, salat, purre, lauk, chili og lime. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er tre ting som påverkar haldbarheita til frukt og grønt: temperatur, luftfukt og lys.

Luftfukt

Dei aller fleste sortane frukt og grønsaker liker ikkje tørr luft. Spesielt rotgrønsaker og bladgrønsaker taper seg raskt i kvalitet om dei blir utsette for låg luftfukt. Desse råvarene bør vi derfor oppbevare i ein emballasje som vernar mot uttørking. Laukvekstar, derimot, er utvikla for å overvintre under tørre forhold, så desse vil helst ha det tørt og mørkt.

Lys

Frukt og grønsaker bør ikkje utsetjast unødig for lys, anten det er naturleg eller kunstig. Lyset kan føre til at grønsakene utviklar bitter smak og skjemmande farge. Dette gjeld spesielt poteter. Når poteta blir utsett for lys, blir ho grøn og dannar nervegifta solanin som er farleg for både menneske og dyr.

Temperatur

Nokre vil ha det kjølig, andre føretrekkjer romtemperatur. Ein enkel tommelfingerregel er at alle råvarer som er dyrka fram ute i Noreg, liker seg i kjølig temperatur. Dei fleste større kjøkken har ein eigen grønsakskjøl som held ein temperatur på cirka 4 til 7 gradar.

Dei fleste eksotiske råvarer føretrekkjer varmare temperatur. Melon, banan, papaya og avokado er råvarer som kan bli skadde av for kald lagring. Den optimale temperaturen er mellom 10 og 14 gradar. Bananar er den frukta som er mest ømfintleg når det gjeld temperatur, og dei blir grå om dei blir oppbevarte under 14 gradar. Mange kjøkken har ein sval forgang til kjølelagera der temperaturen er cirka 10 til 14 gradar, her er det framifrå å plassere kuldeømfintlege grønsaker og frukt.

Hugs at du bør lagre oppdelt frukt kaldt. Unntaket er agurk, han kan liggje i romtemperatur så lenge han har plast på seg.

Bør oppbevarast i romtemperatur

Bør oppbevarast kjølig

banan

bær

tomat

eple

agurk

pærer

papaya

steinfrukter

avokado

dei aller fleste grønsakene

melon

poteter (får fryseskader under 3 gradar)

aubergine

artisjokk

squash

fersk ingefær

Oppbevaring av krydderurter

Friske krydderurter er produserte for å bli nytta i løpet av kort tid, derfor er dei skjøre og visnar fort. For å oppbevare dei lengst mogleg bør vi ta dei ut av emballasjen og plassere dei i romtemperatur på ein lys stad. Plasser planta i ei skål eller ein bakke, og vatn ho jamleg frå botnen av skåla/bakken.

Avskorne urter som vi får i buntar, bør vi setje i vatn og oppbevare kjølig.

Kruspersillebunt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etylengass

Nokre frukter skil ut etylengass under modningsprosessen. Denne gassen framskyndar modninga hos ein del andre frukt- og grønsakssortar. Eple, pære, fersken, melon, plomme, banan, tomat og avokado er døme på frukter som gir frå seg mykje etylengass. Vi bør derfor ikkje lagre eple saman med modne bananar, då vil bananane lett få brune prikkar og raskt bli overmodne.

Omvendt kan vi nytte av denne gassen når vi ønskjer å framskynde modningsprosessen, til dømes på ein umoden avokado. Viss vi legg han saman med eit eple i ein pose, vil etylengassen frå eplet vere med på å modne avokadoen fortare.

Kjelde

Matportalen. (2021). Oppbevaring av frukt og grønnsaker. https://www.matportalen.no/matvaregrupper/tema/gronnsaker_frukt_og_bar/oppbevaring_av_frukt_og_gronnsaker

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2021

Læringsressursar

Tillaging av grønsaker