Hopp til innhald

Fagstoff

Pitahaya

Pitahaya er ei relativt ny frukt på marknaden. Han veks på kaktus, men i motsetnad til kaktusfiken har ikkje pitahaya nokon skarpe piggar i skalet. Pitahaya finst i fleire variantar, men mest vanleg er dei gule og raude.
Ein hel og ein delt pitahaya frukt mot kvit bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forma er oval, og fruktkjøtet er gråkvitt eller raudt med mange små, svarte kjernar som kan etast. Smaken er søt, fyldig og aromatisk. Skalet er nokså tjukt, mjukt og ruglete. Gul pitahaya vert hausta før han er heilt mogen, og går frå grønt til gulgrønt og til heilt gult etter kvart som han mognar.

Bruksområde

Vi deler pitahaya i to halvdelar i lengderetninga og et han deretter med skei frå skalet. Vi kan også kutta frukta i båtar eller skiver og eta ho naturell eller servera ho til dessert saman med is eller anna eksotisk frukt.

Eigenskapar

Vi har ingen opplysningar om næringsinnhaldet til denne frukta.

Kvalitetskrav

Pitahaya skal vera fast og velforma utan teikn til uttørking. Han skal vera fri for sprekker eller mørke flekker. Pitahaya er ei hardfør frukt og har sjeldan nokon kvalitetsproblem.

Lagring

6–10 °C. Pitahaya har ganske god haldbarheit.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Andre frukter