Hopp til innhald

Fagstoff

Granateple

Granateple blir dyrka i landa kring Middelhavet og i Sør-Amerika. Frukta er hard og blank med ein rusten raudbrun farge. I storleik er granateplet om lag som eit eple eller ein appelsin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inne i granateplet er det ei mengd kjernar som er omslutta av raudt, saftig fruktkjøt med konsistens nærmast som gelé. Kjernane ligg samanpressa fordelte på seks rom, slik at dei kan sjå ut som små drueklasar. Det er desse raude kjernane vi et. Smaken er søt og syrleg.

Fat med oppkutta frukt. Foto.

Granateple vart dyrka allereie i og vart rekna av både jødar og egyptarar for å vere ei heilag frukt. Dette er fordi soga seier at frukta inneheld 613 frø, som er like mange som det er bod i . Ofte symboliserte ho fruktbarheit.

Bruksområde

Granateple kan delast i to eller i båtar med ein skarp kniv og så etast med skei eller gaffel. Granateple kan også nyttast i alle slags fruktsalatar og blir ofte servert saman med is. Granateple kan med fordel pressast til ei frisk saft. Av safta lagar ein grenadin, som er ein sterkt raud ekstrakt som blir nytta til å setje farge på drinkar og fruktsalatar.

Næringsinnhald

Ei skei med frø frå eit granateple. Foto.

Granateplet har god haldbarheit og vart i gamle dagar nytta som proviant på lange reiser. Det er leskande med frisk smak. Granateple inneheld mykje antioksidantar – så mykje som 11,33 millimol per 100 g vare. Det er berre nyper (39,46 millimol) og valnøtter (20,97 millimol) som inneheld meir.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Granateple blir hausta umogne. Dei er mogne når skalet har vorte raudbrunt. Det er vanleg at skalet har ein del flekker, og at små brune prikkar er synlege når granateplet er moge. Mogen frukt gir også etter for lett trykk. Eit granateple som kjennest tungt i høve til storleiken, inneheld mykje fruktsaft.

Lagring

8–10 °C. Granateple har svært god haldbarheit. Dei kan gjerne lagrast i romtemperatur nokre veker og endå lenger på kjølerom ved 8–10 °C.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Andre frukter