Hopp til innhald

Fagstoff

Tamarillo

Tamarillo vert også kalla for tretomat og kjem opphavleg frå fjellområda i Peru. Han veks i klasar på små tre og er i slekt med både tomat, potet og aubergin. Bruksområda er likevel som hos ei frukt.
En hel og en delt tamarillo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tamarillo vert dyrka i store delar av Sør-Amerika og spesielt i dei tropiske fjellområda. Seinare er han innført i Afrika, New Zealand og Søraust-Asia der han også har vorte veldig populær.

Variantar

Tamarillo er oval og ofte spiss i den eine enden. Frukta har guloransje farge som går over til raudt når frukta er mogen. Dei mogne fruktene kan ha gult eller raudt fruktkjøt. Tamarillo minner mykje om tomat i oppbygginga, med eit saftig geléaktig fruktkjøt som inneheld små, mørke frø i midten og eit fastare fruktkjøt nærmast det tynne skalet. Smaken minner noko om vanleg tomat, men er kraftigare og meir syrleg. Skalet og kjøtet nærast skalet er bittert, og mange føretrekkjer derfor å skrella frukta.

Bruksområde

Tamarillo har ein kraftig smak, noko som gjer at han kan nyttast både som frukt og grønsak. Som grønsak kan han nyttast i staden for tomatar i dei fleste retter. Han kan steikast og serverast som tilbehøyr til kjøt og fisk. Som frukt kan han nyttast i fruktsalatar eller delast i båtar og serverast saman med ost. Han kan også etast naturell saman med andre eksotiske frukter til dessert, eller han kan mosast og nyttast til å setja smak på yoghurt, iskrem, saus eller sorbéar.

Næringsinnhald

Tamarillo inneheld A- og C-vitamin, kalsium og fosfor. Tamarillo er kalorifattig.

Kvalitetskrav

Tamarillo skal vera mogen og gi lett etter for trykk. Han skal vera blank, heil og velforma utan teikn til innskrumping eller uttørking.

Lagring

4–8 °C. Tamarillo har kort haldbarheit og bør oppbevarast ved 4 °C. Ved låg temperatur er frukta utsett for kuldeskadar og ved høgare temperatur vil ho tapa væske og vekt ganske fort.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Andre frukter