Hopp til innhald

Fagstoff

Pasjonsfrukt

Pasjonsfrukt kjem opphavleg frå Sør-Amerika, der ho framleis veks vilt i visse område. Ho vert no dyrka i dei fleste tropiske og subtropiske strøka og finst i mange ulike variantar.
Noen heile og ei delt pasjonsfrukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mest kjend hos oss er den lilla varianten, men det finst også gule, raudgule og heilt purpurraude variantar. Pasjonsfrukt har ei svakt oval rund form, og skalet er kraftig og lêraktig. Storleiken er som på ei plomme.

Umogen pasjonsfrukt har glatt skal, medan ei mogen frukt har eit skrukkete og bulkete skal. Fruktkjøtet er i konsistens geléaktig og inneheld ei mengd etande kjernar med gulgrøn farge. Smaken kan skildrast som eksotisk, frisk og syrleg, og er svært god.

Bruksområde

Fløytedessert med pasjonsfrukt. Foto.

Vi et pasjonsfrukt naturell, og det er det geléaktige fruktkjøtet i midten vi et. Del frukta i to og et fruktkjøtet med skei direkte frå skalet. Fruktkjøtet kan også skrapast ut og nyttast til fruktsalatar eller til iskrem. Det kan også nyttast i sausar, jus eller drinkar.

Gourmet frukt salat på en tallerken. Foto.

Næringsinnhald

Pasjonsfrukt inneheld ein del A-, B- og C-vitamin i tillegg til mineral. Sidan forbruket av frukta er relativt lite, vert ho ikkje rekna for å ha nokon næringsverdi.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Pasjonsfrukt skal ikkje ha sprekker eller mjuke flekker i skalet, og fargen skal vera jamn. Skalet på mogen pasjonsfrukt er skrukkete, medan ei umogen frukt har glatt skal.

Lagring

8–12 °C. Pasjonsfrukt er svært var for kulde og må ikkje lagrast på kjølerom, men i romtemperatur. Haldbarheita er også avhengig av kor mogen frukta er.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Andre frukter