Carambola – stjernefrukt
Carambola er avlang, ca. 15–20 cm, og har fleire langsgåande kantar som gjer at frukta i tverrsnitt liknar ei stjerne. Ho vert derfor også kalla for stjernefrukt. Smaken er frisk og syrleg.
Carambola kan etast naturell om han er mogen. Mogen carambola har endra farge frå grøn til gul og er best å nytta når vengane får eit lite brunskjær. Han kan delast opp i fruktsalatar saman med andre eksotiske frukter. Carambola vert også nytta til pynt på fiskeretter og som pynt og smakstilsetting til kalde drikkar. Han kan kokast saman med andre frukter og passar bra til heimelaga syltetøy. Fryste skiver av carambola kan også nyttast som isbitar i festdrikkar.
Carambola er rik på A- og C-vitamin. Han inneheld også ein del mineral. Safta frå frukta har tidlegare vore nytta som eit middel mot feber i opphavslanda, men verknadene av dette kan vi ikkje dokumentera.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Carambola vert ofte hausta umogen og er sur på smak. Dei store gule sortane er best, for dei inneheld mindre oksalsyre og er dermed mindre sure i smaken. Carambola skal vera heil utan sprekker eller teikn til skadar i skalet.
8–10 °C. Haldbarheita til carambola er svært god, og frukta toler lengre lagring. Ho bør likevel ikkje lagrast for kjølig, sidan dette bremsar opp mogningsprosessen. Mogen vare kan lagrast kjølig i mange veker.