Hopp til innhald

Fagstoff

Kaktusfiken

Kaktusfiken kjem opphavleg frå Mexico, men har seinare vorte dyrka i landa rundt Middelhavet. Han er oval i forma og kan i fasong likna litt på ei pære. Frukta finst i fleire fargar og kan variera mellom gul, raud, oransje og grøn eller nyansar mellom desse fargane.
Hele og oppdelte kaktusfrukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skalet er ikkje etande og har mange små, skarpe hår med usynlege mothakar. Ver derfor varsam når du tek i frukta. Fruktkjøtet er guloransje og inneheld ei mengd små kjernar som kan etast. Konsistensen er litt grynete og kan minna om ei blanding av vassmelon og sorbé. Smaken er forfriskande og mild, men litt syrleg.

Bruksområde

Kaktusfiken er klar til bruk når fargen på skalet er gul til raud. Vi kan også kjenna litt på han for å kjenna at han gir litt etter og ikkje er steinhard. Kaktusfiken vert servert som frisk frukt til dessert eller som tilbehøyr på eit ostebord. Han kan nyttast i fruktsalat eller til is. Kapp av endane og del han opp i to halver eller i fleire båtar. Det er best å servera frukta utan skal.

Næringsinnhald

Fikenkaktus med frukt. Foto.

Kaktusfiken er ei kalorifattig frukt. Ho er rik på kalsium og C-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Kaktusfiken skal vera fast og velforma utan teikn til uttørking. Han skal vera fri for sprekker eller mørke flekker. Kaktusfiken er ei hardfør frukt og har ofte ikkje problem med kvaliteten. Han er mogen når det grøne skalet går over til gult eller raudt.

Lagring

6–10 °C. Kaktusfiken mognar i romtemperatur. Han mognar også når han vert oppbevart saman med etylenhaldige varer som eple og bananar. Etter mogning bør han leggjast kjølig for å vara lenger.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Andre frukter