Hopp til innhald

Fagstoff

Mangostan

Mangostan kjem opphavleg frå Malaysia, der han har vore dyrka i fleire hundre år. Mange meiner at denne frukta er den mest velsmakande og eksklusive tropiske frukta som finst.
Ein hel og ein delt mangostan. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mangostan vert hausta mogen då han ikkje kan mognast fram etter hausting. Frukta er rund, på storleik med ein tomat, og kan også minna om ein kaki med kronblada sine på toppen.

Skalet er raudbrunt, ca. 0,5 cm tjukt og lêraktig. Det kvite fruktkjøtet er delt inn i fire til seks båtar som kan minna om kvitlaukskløfter. Han inneheld vanlegvis to–tre steinar og er mjuk og saftig. Smaken kan skildrast som ei blanding av fersken og ananas, samstundes som han er forfriskande syrleg med fyldig søtsmak.

Bruksområde

Ein terte laga av drue og mangostan. Foto.

Mangostan vert eten naturell. Skalet er hardt og vanskeleg å opna med hendene, og det inneheld ei bitter saft som kan setja purpuraktige flekkar på det kvite fruktkjøtet. Den beste måten å skrella mangostan på er å skjera gjennom skalet på midten av frukta utan å skada fruktkjøtet, og så vri dei to halvdelane kvar sin veg. Deretter kan vi løfta av skalet på den øvste halvdelen. Vi kan la det kvite fruktkjøtet liggja igjen i den eine halvdelen og servera han til ost, saman med andre frukter eller åleine som dessert. Fruktkjøtet er lett å ta ut av skalet med skei eller med fingrane.

Næringsinnhald

Mangostan er rik på kalsium og C-vitamin. Vi et likevel så lite av denne frukta at ho har liten næringsverdi.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Skalet skal ha ein brunfiolett farge og vera fritt for sprekker og mørke eller mjuke flekker.

Lagring

Det er best å oppbevara mangostan mellom 4 og 6 °C. Ved rett oppbevaring kan han halda seg i fleire veker.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Andre frukter