Hopp til innhald

Fagstoff

Physalis

Physalis kjem opphavleg frå Peru. Spanske sjøfararar tok han med seg vidare, og han vert i dag dyrka over store delar av verda. Physalis liknar i uopna tilstand på prydveksten japansk lykt, men inne i den papirtynne membranen ligg det herlege, etande bæret og freistar.
Ein haug med Physalis mot kvit bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Physalis, eller Ananaskirsebær som den óg kallast, er eit oransjegult bær med glatt skal. Fruktkjøtet har ein saftig geléaktig konsistens med mange ørsmå, kvite frø. Smaken er søtsyrleg og frisk med ein snerpande ettersmak.

Bruksområde

Eit stykke kake pynta med physalis. Foto.

Physalis et vi naturell etter at hamsen er trekt tilbake. Ta deretter bæret og vri rundt. Physalis vert mykje nytta som pynt på ostefat, kaker og dessertar. Han kan varmast i sukkerlake og serverast til is og er god i fruktsalat. Prøv den gjerne i lag med sjokolade.

Næringsinnhald

Physalis inneheld noko A-, B- og C-vitamin og noko mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Physalis skal ha eit oransjegult skal for å vera mogen. Hamsen skal vera tørr og lysfarga. Bæra skal ikkje ha teikn til sopp eller misfarging.

Hugselappen

Norsk sesong:

Kan dyrkast i drivhus i kalde stråk. Tilgjengeleg i butikk heile året.

Med andre ord:

Latin: Physalis peruviana
Engelsk: Cape Gooseberry
Tysk: Kapstachelbeere, Ananaskirsche
Fransk: Alkekenge, Physalis

Lagring:

12–16 °C. Physalis bør oppbevarast svalt og verna mot fukt. I rett lagringsklima har physalis lang haldbarheit.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Bær