Stikkelsbær
I Norden tok ein til å dyrka stikkelsbær frå 1600-talet av. Dei kan variera noko i utsjånad. Fasongen kan vera rund, men også noko avlang, og skalet varierer frå å vera nesten glatt til hårete.
Stikkelsbær finst både som grøne, gule, raude og purpurfarga, og smaken er søt og litt syrleg. Bær som skal nyttast til syltetøy og gelé, bør vera hausta umogne, medan bær som skal nyttast til dessert eller frysast, bør vera meir mogne. Stikkelsbær finst i mange villahagar, men det er liten kommersiell produksjon i Noreg.
Stikkelsbær et vi naturell. Dei er veleigna til å laga gelé, saft og syltetøy av. Dei kan også nyttast i paiar og kaker og er nydelege som garnityr til kjøt- og fiskeretter. Stikkelsbær kan frysast.
Stikkelsbær skal vera velutvikla og jamne i storleiken. Dei skal vera heile, utan sprekker, trykkskadar, mjuke flekker eller andre skadar.
Stikkelsbær inneheld A- og C-vitamin.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Husgelappen
Norsk sesong:
Juli-august
Med andre ord:
Latin: Ribes uva-crispa
Engelsk: Gooseberry
Tysk: Stachelbeere
Fransk: Groseilles à maquereau
Lagring:
0–1 °C. Stikkelsbær bør lagrast tørt og så nær 0 °C som mogleg. Dei har forholdsvis god haldbarheit.