Hopp til innhald
Fagartikkel

Jordbær

Jordbær slik vi kjenner dei i dag, er eit resultat av ein lang prosess med kryssing av ulike viltveksande jordbærplantar. Jordbær har vore kjende som ville markjordbær i Europa sidan romartida, men kommersiell dyrking kom i gang på byrjinga av 1800-talet.

Ei krysning mellom dei beste jordbærplantane frå Nord- og Sør-Amerika og dei beste europeiske artane har gitt oss dei store, sterktduftande og saftige jordbæra slik vi kjenner dei i dag.

Ei vidareutvikling av jordbærplanten har ført til at vi i dag har tusenvis av jordbærvariantar med forskjellig smak, storleik og haldbarheit. Dei forskjellige variantane tilfredsstiller dessutan ulike klimatiske tilhøve i dyrkarlanda. Eigentleg er jordbæret ein oppsvulma blomsterbotn som inneheld bitte små jordbærfrø som botanisk sett er nøtter.

Bruksområde

Jordbær et vi , og dei er gode saman med mjølk, fløyte, rømme og kanskje litt sukker. Jordbær kan mellom anna nyttast som kakepynt eller kakefyll, i fruktsalat, i milkshake, til iskrem eller til sylting. Jordbær kan frysast.

Kvalitetskrav

Jordbær skal vere tørre, friske, heile og blanke utan teikn til trykkskadar eller ròte. Dei bør ha utvikla ein god og jamn farge, og bør ha stilken og begerblada på plass. Form og storleik varierer mykje mellom dei ulike variantane, men alle bæra i same korga bør vere nokolunde jamne.

Næringsinnhald

Djupraude, friske jordbær inneheld store mengder næringsstoff kalla fenolar. Fenolar er mellom dei kraftigaste av dei kjende antioksidantane og har i ei rekkje forsøk vist seg å verne cellestrukturen i kroppen mot skadar frå såkalla frie radikalar. Det unike innhaldet av fenolar i jordbær har synt seg å vere nyttig for å verne hjartet, og det vernar mot betennelsar. Utanom dette er jordbær kalorifattige og inneheld jern og kalsium. Dei inneheld også mykje C-vitamin og noko A-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Interessant og nyttig å vite om jordbær. Video: Opplysningskontoret for frukt og grønt / CC BY-NC-ND 4.0

Hugselappen

Norsk sesong:

mai–august

Dyrking:

Jordbær blir dyrka både utandørs og innandørs i drivhus.

Med andre ord:

latin: Fragraria x ananassa
engelsk: strawberries
tysk: Erdbeere
fransk: fraises

Lagring:

Jordbær held seg ikkje lenge. Dei kan lagrast i kjøleskåp i nokre dagar, men bør helst frysast. Bæra bør ha romtemperatur ved servering – då smakar dei best.

CC BY-SA 4.0Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020