Hopp til innhald

Fagstoff

Tranebær

Tranebær som vert omsette i varehandelen, høyrer til same familien som blåbær og tyttebær og vert også kalla amerikanske tyttebær eller cranberries.
Tranebær som heng på busken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst også viltveksande tranebær i Noreg, men dei amerikanske bæra som vert omtalte her, har ein søtare og meir delikat smak enn dei nordiske. Bæra som vert importerte frå Amerika og Canada, er større enn tyttebær og kan verte opptil to cm i diameter. Fasongen er rund eller oval, og fargen kan variera frå lysare raud til mørk raud. Fruktkjøtet er kvitrosa, og smaken er frisk og syrleg og minner om tyttebær. Bruksområda er dei same som for tyttebær.

Youghurtdessert med bjørnebær og tranebær servert i høge glas. Foto.

Bruksområde

Vi et ikkje tranebær naturelle då dei har ein hard konsistens og syrleg smak. Tranebær har omtrent same bruksområdet som tyttebær og kan kokast og nyttast i paiar eller sorbéar. Av tranebær vert det laga syltetøy, gelé, chutney og saus. Syltetøyet er nydeleg til kalkun. Tranebær kan også nyttast i patéar, i brød og i muffins. Tranebær eignar seg godt til frysing, og etter tining ser dei like gode ut som om dei var nyhausta.

Næringsinnhald

Tranebær er proppfulle av antioksidantar (inkludert vitamin C) og mineral. Tranebær vert også nytta i førebygging og behandling av urinvegsinfeksjonar. Det vert i tillegg sagt at tranebær hemmar bakterien som forårsakar magesår, og at dei motverkar viruset som gir omgangssjuke.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

Tranebær dyrkast ikkje i Noreg, dei importerast og er tilgjengelege i butikk heile året.

Med andre ord:

Latin: Vaccinium subg. Oxycoccus
Engelsk: Cranberry
Tysk: Kranichbeere
Fransk: Canneberge

Lagring:

0-4 ºC i kjøleskåp. Tranebær er eit av de mest lagringsdyktige bæra som fins, og kan halde seg godt i fleire månadar ved rett lagring. Pass på at dei held seg tørre, uten teikn til mygl og andre skadar.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Bær