Rips
Rips finst som raude, gule og kvite bær, men det er dei raude og kvite som er mest vanlege hos oss. Den raude ripsen har ein noko friskare og syrlegare smak enn den kvite.
Sylting av rips har vore kjent frå 1600-talet, og på 1700-talet var buskane svært utbreidde i landet vårt. I norske hagar finst det svært mange ripsbuskar, men det er liten kommersiell produksjon. Rips inneheld stoffet pektin, som gjer at han eignar seg til gelé og sylting.
Rips kan etast naturell til dessert med sukker og vaniljesaus, til is eller med mjølk. Rips kan også nyttast til syltetøy, saft eller gelé anten åleine eller saman med andre bær. Rips er godt i pai saman med andre bær. Rips vert også nytta som pynt på kaker eller kakefyll. Rips kan frysast.
Rips skal vere velutvikla, velfarga, tørre og reine. Dei skal hengje på stilken og skal ikkje ha trykkskadar eller flekker.
Rips inneheld ein god del C-vitamin og mineral.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Hugselappen
Norsk sesong:
Juli-august
Med andre ord:
Latin: Ribes (rubrum)
Engelsk: Red Currant
Tysk: Rote Johannisbeere
Fransk: Groseille
Lagring:
0–1 °C. Rips har betre haldbarheit enn dei fleste andre bærsortar. For å unngå at dei vert blaute, bør rips lagrast tørt og så nær 0 gradar som mogleg.