Hopp til innhald

Fagstoff

Solbær

Solbær er i nær slekt med rips og har vore viltveksande før ein byrja å dyrke dei. I Noreg har solbær vore kjende sidan 1600-talet. Frå byrjinga av vart solbær nytta til medisinske føremål. Seinare oppdaga ein at dei også kunne nyttast til vin og anna matlaging.

Berre ein liten del av det som blir dyrka av solbær i dag, blir omsett i frisk tilstand, sidan mykje går til safting og sylting i næringsmiddelindustrien.

Bruksområde

Solbær kan etast til dessert med sukker, til is eller med mjølk. Solbær kan nyttast til syltetøy, saft og gelé. Solbær er godt i pai saman med andre bær. Solbær er fine å lage vin og likør av og kan også frysast.

Kvalitetskrav

Flaske med heimelaga solbærsirup. Foto.

Solbær skal vere velutvikla og mørke i fargen. Dei skal vere tørre og reine. Solbær skal ikkje ha trykkskadar eller flekker.

Næringsinnhald

Solbær inneheld mykje antioksidantar, mellom anna C-vitamin, flavonoidar og antocyanin i tillegg til noko mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.


Hugselappen

Norsk sesong:

juli–august

Med andre ord:

latin: Ribes nigrum
engelsk: blackcurrant
tysk: schwarze Johannisbeere
fransk: cassis

Lagring:

2–4 ºC i kjøleskåp. Kan lagrast i 2–4 dagar.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Bær