Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Makta til algoritmane

I mediesamfunnet er vi omgitt av informasjon, men kven bestemmer kva slags informasjon du får når du søkjer på nettet? Utforsk kva makt kunstig intelligens og algoritmar har over mediekvardagen din.
Svart bakgrunn med nettverk av mange punkt og linjer mellom desse. Til venstre i midten er det ein lys skjerm som forbind tydelege punkt til venstre med tynnare og meir abstrakte linjer til høgre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Makta til mobilen

Diskuter i grupper.

  1. Kva legg de i ordet makt?
  2. På kva måtar kan mobilen og datateknologi gi dykk meir makt over omgivnadene?
  3. På kva måtar kan mobilen og datateknologi gi omgivnadene meir makt over dykk?
  4. Ifølgje teknososiologen Zeynep Tüfekci har merksemd vorte ei vare som blir seld av teknologiselskap som Facebook og Google. For å halde på merksemda blir brukarane ofte leidde til meir og meir ekstremt innhald. Diskuter denne påstanden. Er de samde eller usamde?
Kva er makt?

Makt er eit sosialt fenomen med mange ulike sider.

På den eine sida handlar makt om å bestemme eller ha innverknad over andre. Du har makt når du får andre til å gjere noko dei elles ikkje ville ha gjort.

På den andre sida kan makt òg handle om ei evne eller kraft nokon har til å utføre noko, til å ta vare på sine eigne interesser og til å ha innverknad over sitt eige liv.

Makt kan òg handle om sosiale strukturar. Dei sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske strukturane i samfunnet har òg makt over oss og er med på å styre kvardagen vår.

Du kan lese meir om kva makt er, og korleis makt kan definerast, i artikkelen Kva er makt.

Oppgåve 2: Makta til algoritmane

Sjå filmen over og svar på spørsmåla.

  1. Kva er kunstig intelligens (AI, på norsk òg kalla KI)?
  2. Korleis påverkar algoritmar søkjeresultata du og andre får på nett? Gi konkrete døme.
  3. Korleis kan ulike algoritmar skape diskriminering og halde oppe skeive maktforhold?
  4. Korleis kan kunnskapen algoritmane har lagra om deg, bli brukt til å påverke meiningane, preferansane og vala dine?
  5. Diskuter: Korleis kan algoritmar bli brukte i framtida til å gi databrukarar meir eller mindre makt?
  6. Diskuter: Kan algoritmar hindre originalitet og nyskaping, sidan dei vel ut det som ein sjølv eller andre har valt frå før?

Oppgåve 3: Utforsk algoritmane

Set dykk saman i par (gjerne med ein som har andre interesser enn deg).

  1. Vel eit sosialt medium, som til dømes Facebook, Snapchat eller Instagram.

    • Samanlikn kva reklamar og forslag til artiklar de får. Kva er likt, og kva er ulikt?
    • Kva slags informasjon og digitale spor har algoritmane brukt for å velje ut nettopp desse artiklane og reklamane?
  2. På kva måtar kan sosiale medium påverke røyndomsoppfatninga dykkar og kva for konkrete val de gjer i kvardagen? Gi konkrete døme.
  3. Vel ein søkjemotor, og samanlikn svara de får når de søkjer på ulike ord. Kva likskapar og forskjellar finn de?
  4. Undersøk kva moglegheiter de har til å kontrollere og avgrense informasjon ulike søkjemotorar og sosiale medium samlar inn om dykk.
  5. Viss algoritmane berre gir oss informasjon som stadfestar våre eigne meiningar, kan det oppstå ekkokammer. Ekkokammer oppstår når informasjon, idear eller oppfatningar blir forsterka fordi dei blir gjentatt innanfor ei avgrensa gruppe. Diskuter i kva grad det finst ekkokammer i miljøet dykkar, og i kva grad ekkokammer kan vere ein trussel mot demokratiet.

Kjelder

Lundblad, M. (2019, 23. oktober). «– Vi går ikke til folk og spør "samtykker du til at bilen din forurenser?"». Agenda magasin. https://agendamagasin.no/intervjuer/zeynep-tufekci/

Relatert innhald

Kva er makt og avmakt, og korleis kan vi studere makt i samfunnet?

Kva former for makt finst det på mikro-, meso- og makronivået i samfunnet, og korleis kan denne makta påverke einskildindivid og sosiale strukturar?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2021

Læringsressursar

Makt og former for maktutøving