Hopp til innhald

Fagstoff

Omgrep skaper haldningar – derfor bør dårlege ord betrast

Filosof Joey Pollock meiner at vi ikkje berre skal godta ord som verkar undertrykkjande eller ekskluderande. Når vi skal endre omgrep, må det skje med dei riktige moralske grunngivingane.
Mann skriv på nettbrett mens bokstavar flyt rundt han. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ord er ikkje berre ord

– Vi har laga orda. Sjølvsagt kan vi bestemme kva dei betyr!

Joey Pollock er språkfilosof, og dersom du påstår at ord berre er ord, eller at ord har ei gitt og endeleg betydning, er dette reaksjonen hennar. Det er ikkje og burde ikkje vere sant, ifølgje filosofen.

– Eg er interessert i sosiale og politiske omgrep, og korleis dei er del av undertrykkjande strukturar eller institusjonar. Å endre på omgrepa kan bidra til å kjempe mot undertrykking, seier ho.

Ord er ikkje berre ord, omgrep er òg verktøy for å tenkje på ting og påverkar korleis vi ser andre menneske.

Berre tenk på orda homo, funksjonshemma, nordmann, pappaperm eller til og med kvinne eller mor eller – eit ord som vi kjem til – ekteskap. I Pollock si grein av filosofien er ikkje desse omgrepa nøytrale eller apolitiske – dei verkar i samfunnet.

Derfor er det ei fornuftig oppgåve å betre verda gjennom å betre ord, men, som Pollock har kome fram til i forskinga si: Forandring av ord heng tett saman med spørsmål om moral.

Språk er makt

– Det er mykje makt i ord, seier Pollock, og ho understrekar at samanhengen orda blir brukte i, avgjer effekten dei har.

– I ein juridisk samanheng kan ord til dømes påverke folk sine liv direkte, gjennom å gi dei straff eller påverke dei juridiske rettane deira.

Ord kan òg vidareføre problematisk ideologi eller styrkje stereotypar.

– Ord er ikkje berre ord, omgrep er òg verktøy for å tenkje på ting og påverkar korleis vi ser andre menneske. Derfor bør vi vere forsiktige og granske betydninga av orda nøye.

Det vi òg kan gjere, er å endre betydninga av ord og omgrep.

– Når du lærer eit språk, godtek du ofte orda du får overlevert frå tidlegare generasjonar, men orda speglar sider ved samfunnet dei vart oppretta i. Derfor er det fornuftig å undersøkje dei og prøve å gjere dei betre.

Hardt arbeid å endre ord

Å endre, fjerne eller betre omgrep, er ikkje minst viktig for menneske som opplever at dårlege omgrep bidreg til marginalisering. Pollock finn mange døme på omgrepsarbeid i aktivistmiljø, som i LHBT+-miljø som lenge har kjempa mot stereotype haldningar og undertrykkjande språkbruk.

– Det handlar ikkje berre om å endre ord, men å påverke tankeprosessar, haldningar og stereotypar.

Ser du til språkhistoria, har mange ord vorte utdaterte og nye ord har dukka opp. Dette skjer ikkje "naturleg" eller av seg sjølv.

– Ein naturleg måte å endre språket på, er at folk bevisst går inn for det, seier Pollock.

Du kan prøve å betre eit omgrep på fleire måtar, til dømes gjennom å påverke folk du kjenner, skrive artiklar i avisa, gjennom YouTube-videoar eller kampanjar. Pollock ser at dei som lykkast, ofte dreg nytte av mektige allierte, som akademikarar eller større organisasjonar med pengar og innverknad.

Frå heteronormativ institusjon til likekjønna ekteskap

To menn i mørke dressar med knappholsblomster held hender og ser på kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit av omgrepa som har endra betydning, er "ekteskap". Det pla vere reservert for heterofile par.

– Dette er eit sentralt døme på korleis orda vi bruker har direkte innverknad på folk sine liv gjennom lova. Lover involverer ord som har ei spesiell kraft bak seg på grunn av institusjonane dei er ein del av. Ordet ekteskap endrar forholdet mellom menneske, seier Pollock.

Ekteskapsomgrepet har endra seg drastisk, både i rettssystem og i kva som blir meint med det. Sidan likekjønna ekteskap vart innført i Nederland i 2001, har 29 land følgt etter.

– Når LHBT+-personar blir ekskluderte frå ekteskap, følgjer det ifølgje Calhoun med visse haldningar. Dersom du ikkje er kvalifisert for ekteskap, blir du òg oppfatta som ein mindre essensiell og verdifull borgar.

Dermed må endringa i omgrepet skje parallelt med ein moralsk prosess: ei haldningsendring.

– For å kome forbi problematisk ideologi, må mykje meir endrast enn berre betydninga av bestemde ord. Du må forstå kva som var problematisk med det, og motivasjonen må vere eit ønske om å oppnå sosial rettferd.

Språk kan gi sosial rettferd

Pollock har ei nedanfrå-og-opp-tilnærming: Enkeltpersonar kan endre offentleg språk.

– Etter mitt syn handlar det om å bestemme deg for korleis du skal bruke ord. Det vil påverke kva du ser for deg, i hjernen din. Det er ikkje nødvendigvis lett, spesielt med moralske og politiske omgrep. Du kan ikkje overvinne fordommar eller stereotypar berre ved å ønskje det, men du kan jobbe med hjernen din.

Du kan prøve å påverke andre til å forstå omgrepa på same måte som deg. Til slutt kan ei større gruppe, eller til og med Språkrådet, omfamne den nye betydninga av eit ord, men motivasjonen til denne endringa må kome frå riktig stad, understrekar Pollock.

– Det handlar ikkje berre om å endre kva ord betyr, men òg om ei indre overtyding om at ein kan bidra til sosial rettferd gjennom ord.

Denne artikkelen er ein forkorta og omsett versjon av Begreper skaper holdninger – derfor bør dårlige ord forbedres, frå Kilden, kjønnsforskning.no.

CC BY-NC-SASkrive av Mari Lilleslåtten. Rettshavar: Kilden, kjønnsforskning.no
Sist fagleg oppdatert 29.04.2021

Læringsressursar

Makt og former for maktutøving