Oppgåve
Makt og avmakt
Korleis opplever individ og grupper makt og avmakt, og kva kan dei gjere med det? I desse oppgåvene skal du reflektere over makt og avmakt i gamingkulturen og utforske den samiske kampen for makt og innverknad i det norske samfunnet.
Sjå filmen over, "Gaming: Makt og ansvar", og svar på spørsmåla.
- Kva slags økonomisk og ideologisk makt har spillindustrien?
- Korleis kan spel og spelkulturen skape avmakt?
- Korleis kan spel og spelkulturen gi menneske makt?
- Korleis kan identiteten gamerane har som undertrykte, gjere det vanskelegare for dei å forstå og akseptere at dei sjølve bidreg til undertrykking?
- Korleis kan spel bruke sosial kontroll for å hindre diskriminering og undertrykkjande utsegner?
- Diskuter kva spelselskapa kan og bør gjere for å hindre trakassering. I kva grad burde spillutviklarar overvake og kontrollere kva spelarar seier og gjer mens dei speler?
Sjå episoden "Den stille kampen" frå serien Makt og avmakt, og svar på spørsmåla.
- På kva måte opplevde samane avmakt for femti år sidan?
- Kva betydning har politiske aksjonar hatt for den samiske kampen for makt og innverknad?
- Kva betydning kan språk og kultur ha for den samiske kampen for makt og innverknad?
- På kva måte kan symbol, som til dømes det samiske flagget på 17. mai, vere viktig i den samiske kampen?
- Korleis har den samiske kampen bidrege til å endre maktstrukturane i det norske samfunnet?
- Korleis kan den samiske kampen for makt og innverknad ha endra nære sosiale relasjonar, til dømes mellom samiske barn og foreldre, og mellom samiske ungdommar og ungdommar med ein annan bakgrunn? Gi konkrete døme.
- Kva makt har Sametinget over dei økonomiske strukturane i samfunnet?
- Diskuter fordelar og ulemper ved å gi Sametinget auka makt og vetorett i økonomiske spørsmål, som til dømes etablering av gruvedrift.
Relatert innhald
Fagstoff
Former for maktKva former for makt finst det på mikro-, meso- og makronivået i samfunnet, og korleis kan denne makta påverke einskildindivid og sosiale strukturar?