Hopp til innhald

Fagstoff

Autoritet og legitim makt

Kvifor lar vi andre menneske bestemme over oss? Ein viktig grunn er at vi sjølv aksepterer den makta dei andre har over oss. Når nokon har autoritet og legitim makt, treng dei ikkje bruke tvang eller manipulering for å få oss til å gjere som dei vil.
En politikvinne står og holder en hånd på sambandsutstyret hun har festet til brystet. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Autoritet og legitim makt

Til dagleg lar vi ofte andre bestemme over oss utan at dei treng å bruke tvang. Elevane føyer seg etter læraren, og tilsette føyer seg etter ordren til sjefen. Den viktigaste grunnen til at vi lar andre bestemme, er at dei har legitim makt. Det vil seie at vi sjølv aksepterer den makta andre har over oss. Legen din kan til dømes be deg om å ta av deg kleda utan at du protesterer. Vi aksepterer at legen har ei legitim makt til å sjå oss nakne og undersøkje kroppen vår inne på legekontoret.

Ein person som har legitim makt, har autoritet. Det vil seie at han eller ho har makt utan at dei treng å bruke maktmiddel eller manipulering. Ein lærar har til dømes autoritet i klasserommet viss elevane frivillig gjer det han eller ho ber dei om. Denne autoriteten kjem ikkje frå læraren – autoriteten kjem nedanfrå. Det er elevane som gir læraren autoritet. Viss læraren ikkje lever opp til forventningane til elevane og oppfører seg på ein måte dei ikkje aksepterer, vil han eller ho miste autoriteten sin.

Kong Harald står på kne og blir signa av ein biskop. I bakgrunnen står dronning Sonja og fleire biskopar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Max Weber om grunnlaget for autoritet


Det kan vere fleire ulike grunnar til at vi gir nokon autoritet og lar dei bestemme. Max Weber skil mellom tre ulike grunnlag for legitim makt i moderne samfunn.

Tradisjonell autoritet:
Det vil seie at leiarar har autoritet på grunn av kulturelle tradisjonar og vanar. Det kan til dømes vere kongar eller adelsmenn som har arva makta.
Karismatisk autoritet:
Det vil seie at leiarar har autoritet på grunn av heilt spesielle personlege eigenskapar. Det kan til dømes vere Jesus eller Hitler, som ifølgje tilhengjarane er heilt eksepsjonelle menneske.
Rasjonell-legal autoritet:
Det vil seie at leiarar har autoritet på grunn av formelle lover, reglar eller prosedyrar. Det kan til dømes vere statsministeren som blir vald, eller ein høgsterettsdommar som blir utpeikt av regjeringa.


Ifølgje Max Weber er det eit kjenneteikn ved moderne samfunn at den rasjonelle-legale autoriteten tek over og erstattar tradisjonell og karismatisk autoritet. Tidlegare styrte kongar og adelsmenn fordi dei kom frå ein bestemd familie. I dag styrer valde statsleiarar og byråkratar fordi dei er valde eller utpeikte via formelle prosedyrar.

Også i dag kan vi likevel ofte finne ei blanding av dei ulike formene for autoritet. Ein populær lærar kan til dømes både ha autoritet i klasserommet på grunn av jobben og utdanninga si (rasjonell-legal autoritet) og på grunn av dei personlege eigenskapane sine (karismatisk autoritet).

Donald Trump og Joe Biden i valdebatt under presidentvalet i 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei anna kjelde til legitimitet i moderne samfunn er kunnskap. I samfunnet vårt får mange individ og yrkesgrupper maktposisjonar fordi dei har ei spesiell utdanning. Legar, ingeniørar eller røyrleggjarar har profesjonell autoritet på grunn av den spesielle fagkunnskapen sin. Ofte har leiarar i dag ein kombinasjon av profesjonell og legal-rasjonell autoritet. Fagleg kompetanse er ofte ein føresetnad for at leiarar får bestemde maktposisjonar.

Repetisjonssquiz


Kjelder

Engelstad, F. (2005). Hva er makt. Oslo: Universitetsforlaget.

Engelstad, F. (2019, 20. juni). Makt. Henta frå https://snl.no/makt

Giddens, A. & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Cambridge: Polity Press.

Schiefloe, P.M. (2019). Mennesker og Samfunn (3. utg.). Oslo: Vigmostad & Bjørke.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2021

Læringsressursar

Makt og former for maktutøving