Kva gir nokre menneske makt og autoritet, og kven har eigentleg makt i sosiale system? Diskuter og reflekter over ulike kjelder til autoritet og legitim makt, og utforsk kven som har kva slags makt på skulen der du går.
Oppgåve 1: Autoritet
- Kva kjenneteiknar autoritet og legitim makt?
- Kva kan gjere at to personar i same posisjon har veldig ulik autoritet? Grunngi svaret.
Finn døme på menneske i dagens samfunn som har følgjande former for autoritet:
- tradisjonell autoritet
- karismatisk autoritet
- rasjonell-legal autoritet
- I moderne samfunn er rasjonell-legal autoritet dominerande. Diskuter fordelar og ulemper med rasjonell-legal autoritet i forhold til andre typar autoritet.
Oppgåve 2: Makt på skulen.
Skulen er eit sosialt system. Utforsk kven som har kva slags makt på skulen. Du kan eventuelt velje eit anna sosialt system og tilpasse spørsmåla til det.
- Ta utgangspunkt i skulen der du går. Set opp ei liste over kven som har makt over elevane og skulen.
Vel ut ein person i ei rolle på skulen. Det kan vere ein elev på eit bestemt klassetrinn, ein lærar, ein reinhaldsarbeidar eller ein person i leiinga. Du skal kartleggje kva slags makt denne personen har, og du kan gjerne gjennomføre eit intervju med ein person i den posisjonen du har valt, for å skaffe deg bakgrunnsinformasjon.
- Kva slags makt gir den formelle posisjonen han eller ho? Gi konkrete døme.
- Kva former for makt kan han eller ho bruke innanfor organisasjonen for å skaffe seg auka makt og innverknad?
- Korleis kan han eller ho skaffe seg autoritet i rolla si i organisasjonen? Gi konkrete døme.
- På kva måte har den sosiale strukturen som skulen er ein del av, makt og innverknad over han eller henne?
- Korleis kan han eller ho påverke skulen som ein sosial struktur?
- Finn ei konkret sak som den personen du har valt, ønskjer å få gjennomslag for på skulen. Reflekter over korleis han eller ho kan gå fram for å få gjennomslag for saka si.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2021