Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er makt?

Vi er omgitte av makt på mange ulike område i livet. Vi bestemmer over andre, og andre bestemmer over oss. Men kva er eigentleg makt, og korleis kan vi studere makt i samfunnet?
Silhuettar av to personar som slår ein tredje person som ligg ned. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva og kven bestemmer du over, og kva og kven bestemmer over deg? Kva har du makt til å gjennomføre, og kva har du ikkje makt til å gjere? Du finn ulike former for makt overalt i samfunnet – i venegjengen, i familien, med kjærasten, på skulen, i sosiale medium, i arbeidslivet og i politikken.

Makt kan vere open og lett å oppdage, som når nokon fysisk angrip ein annan. Men makta kan òg vere skjult og vanskeleg å få auge på, som når nokon bak ein smilande og venleg fasade manipulerer andre for å få det som dei vil.

Kva er makt?

Makt er eit sosialt fenomen med mange ulike sider. Det kan derfor vere vanskeleg å definere det heilt presist. På den eine sida handlar makt om å bestemme eller ha innverknad over andre. Du har makt når du får andre til å gjere noko dei elles ikkje ville gjort. Viss du til dømes har mykje pengar, kan du få andre til å arbeide for deg, og viss du har ei høg stilling, kan du bestemme kva andre skal gjere.

På den andre sida kan makt kan òg handle om ei evne eller kraft til å utføre noko, til å ta vare på sine eigne interesser og til å ha innverknad. Viss ei gruppe elevar organiserer seg i ei revygruppe og gjennomfører fleire framsyningar på skulen, skaper dei noko saman. Då vil alle i gruppa få meir makt. Det er ikkje alltid slik at jo meir makt du har, jo mindre makt har nokon andre. Då innbyggjarane i Noreg i fellesskap bygde velferdsstaten, auka det makta til det store fleirtalet.

Makt kan òg handle om sosiale strukturar. Dei sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske strukturane i samfunnet har òg makt over oss og er med på å styre kvardagen vår. Viss du til dømes mister jobben på grunn av økonomiske nedgangstider, kan det vere vanskeleg å peike på ein enkelt person som er ansvarleg. Fleire elevar kan oppleve skule og utdanning som ei form for tvang, sjølv om vidaregåande skule er frivillig, og ingen kan tvinge deg til å møte opp på skulen.

Korleis definere makt?

Makt er eit viktig omgrep i sosiologi og sosialantropologi, men det er vanskeleg å definere. Den mest kjende definisjonen av makt stammar frå Max Weber. Ifølgje Weber handlar makt om få gjennom viljen sin trass i at andre gjer motstand. Han definerte makt på følgjande måte:

  • «Makt betegner enhver sjanse til å gjennomføre sin vilje innenfor ein sosial relasjon, også på tross av motstand, uansett hva denne sjansen beror på.»


Ei utfordring med definisjonen til Weber er at han kan bli for smal. Du kan til dømes ha makt over andre utan at dei er klare over det. Du kan manipulere dei til å handle på ein bestemd måte utan at dei nokosinne oppdagar det.

Ein alternativ, men nærskyld, definisjon av makt er foreslått av Robert A. Dahl. Ifølgje han er makt evna til å få nokon til å gjere noko dei elles ikkje ville gjort. Han definerte makt slik:

  • «A har makt over B i den grad han kan få B til å gjøre noe han ellers ikke ville gjort.»

I denne definisjonen er A og B aktørar. Desse aktørane kan vere både personar, grupper, organisasjonar og statar.

Ei utfordring med begge desse definisjonane er at dei fokuserer på ein relasjon der nokon har makt over andre. Makt kan òg handle om sosiale strukturar og ei evne eller kraft til å gjennomføre interessene dine.

Korleis studere makt?

Det finst fleire ulike sider ved makt, og alle er ikkje like enkle å få auge på. Tenk deg at du står utanfor ein kinosal og diskuterer med venene dine om de skal sjå ein amerikansk actionfilm eller ein komedie. Det er lett å tenkje seg at den som har mest makt i denne situasjonen, er den av dykk som trumfar gjennom viljen sin og bestemmer kva film de skal sjå. Men kven av dykk var det eigentleg som bestemde at de skulle dra på kino og velje mellom akkurat desse to filmane? Og kvifor hadde de eigentleg lyst til å dra på kino i det heile? Kven fekk dykk til å like amerikanske filmar, og kven sørgde for at det faktisk finst ein kino de kan dra på?

Dei tre dimensjonane av makta

Når du skal studere makt, held det ikkje berre å studere sjølve avgjerdsprosessen, ifølgje den amerikanske sosiologen Steven Lukes. Du må òg studere kva avgjerder som ikkje blir tekne og kven som har makt til å forme biletet vi har av verkelegheita. Han skil derfor mellom tre ulike dimensjonar ved makt:

  • Avgjerdsprosessen
    Her fokuserer ein på korleis avgjerder blir tekne. Kven har makt til å få viljen sin igjennom når det oppstår ein konflikt? Dette kan observerast direkte og er derfor enklare å studere. Eit døme er avgjerda om at alle kvinner skal ha rett til abort. Abortmotstandarar og aborttilhengjarar har lenge kjempa mot kvarandre. Aborttilhengjarane vann kampen, og lova om sjølvbestemd abort blei vedteken i 1978 i Stortinget med ei stemme i overvekt.
  • Ikkje-avgjerder
    Her fokuserer ein på kva avgjerder som ikkje blir tekne. Kven har makt til å bestemme kva saker og alternativ ein kan velje mellom når ein skal ta ei avgjerd? Eit døme på denne dimensjonen er likestilling. Den manglande representasjonen av kvinner i leiinga var i mange år ikkje eit tema i næringslivet. Når leiinga i norske selskap hadde møte, var ikkje likestilling ei sak som stod på dagsordenen. Den mannsdominerte leiinga hadde på den måten makt til å halde oppe ein skeiv kjønnsbalanse.
  • Ideologiske føresetnader
    Her fokuserer ein på ønska, tankane og meiningane våre. Kven har makt til å forme oppfatninga vi har av verkelegheita – kva vi tenkjer er rett og gale, viktig og uviktig? Denne dimensjonen ved makt kan ofte vere vanskeleg å observere direkte. Eit døme på denne dimensjonen er korleis reklame formar ønska våre og identiteten vår. Reklamen skaper behov og lærer oss å utrykkje identiteten vår gjennom forbruk. For å kunne forbruke må vi igjen tene pengar, få ein jobb og innordne oss arbeidsmarknaden.
Reklame for Gilde frå 1977. Ei kvinne med forkle lagar til og serverer ei rekkje kjøtvarer frå Gilde. Eit lite barn står inntil ho og smiler. Ved eit dekt bord i bakgrunnen sit to menn, ei kvinne og eit barn. Eit tredje barn står i ei døropning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reklame kan ha makt til å forme ønska og behova våre. Han kan òg vere med på å forme normer og verdiar om til dømes kjønnsroller.

Avmakt

Det motsette av makt er avmakt. Avmakt vil seie at du blir forhindra frå å utøve makt. Det kan vere at du blir knebla eller blir stengd ute frå å ha innverknad. Viss du til dømes høyrer til i ei undertrykt gruppe, kan du oppleve at interessene dine blir overkøyrde. Du kan òg oppleve at interessene dine blir nedprioriterte til fordel for interessene til andre grupper. I tillegg kan du oppleve at interessene dine blir fullstendig usynleggjorde og at ingen, kanskje heller ikkje du sjølv, er klare over kva dei eigentleg er. Mange kvinner oppfatta til dømes ikkje seg sjølv som undertrykte for hundre år sidan – sjølv om dei levde i eit samfunn som i veldig stor grad prioriterte interessene til menn, og som vi i dag vil kalle kvinnediskriminerande.

Sametingsbygningen i Karasjok vinterstid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Engelstad, F. (2005). Hva er makt. Oslo: Universitetsforlaget.

Engelstad, F. (2019, 20. juni). Makt. Henta frå https://snl.no/makt

Eriksen, T. H. (2010). Små steder – store spørsmål (3. utg.) Oslo: Universitetsforlaget.

Giddens, A. & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Cambridge: Polity Press.

Korsnes, O., Andersen, H. & Brante, T. (Red.). (1997). Sosiologisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.

Schiefloe, P. M. (2019). Mennesker og samfunn (3. utg.). Oslo: Vigmostad & Bjørke.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Makt og former for maktutøving