Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis nå fram i sosiale medium – med Facebook i fokus

På Facebook kan bedrifter nå ut til kundane sine der dei er. Dei kan kommunisere med dei og opplyse om nye produkt. Kundane bruker ikkje alltid nettsida til bedrifta. Facebook kan derfor vere ein god måte å kome i kontakt med kundane på.
To hender og ein mobil. Den høgre tommelen skrollar på mobilen. Cinemagrafi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er vitsen?

Sosiale medium gir oss mange moglegheiter som vi elles kanskje ikkje ville ha klart å skape. Facebook-sidene er ofte heilt uunnverlege i den digitale verda vår, og for mange bedrifter har dei erstatta heimesida deira. På Facebook kan vi nå ut til kundane våre der dei er, og vi kan kommunisere med dei og opplyse om nyheiter.

Mange søkjer opp Facebook-sida til ei bedrift før dei bestemmer seg for eit eventuelt kjøp. Sørg derfor for å ha ei side som er oppdatert og gjerne aktiv.

Vil du ha fasiten?

Beklagar, han finst ikkje! Det aller viktigaste vi kan gjere for å nå fram, er å prøve og feile.

  • Prøvde du noko nytt, men opplevde at innlegget ditt nesten ikkje fekk respons? Kva så? Det er eitt einsleg innlegg. Lêr av det du har gjort – og prøv noko anna neste gong. Sosiale medium er ingen eksamen.

  • Prøvde du noko nytt, og det gjekk skikkeleg bra? Så flott! Berre ikkje lås deg fast, men hald fram med å variere og prøve nye ting.

Berre éin ting er sikkert: Sosiale medium endrar seg heile tida. Det same gjer brukarvanar. Så her er det berre å henge med!

Korleis fange merksemda?

Vi menneske skrollar i gjennomsnitt 90 meter på mobilen kvar dag. For at du skal stoppe brukaren på akkurat ditt innlegg, må du fange merksemda. Det gjer du ved å bruke visuelle element.

Bruk av bilete

Skal du dele eit bilete eller ein video, og du har moglegheit til å ta biletet eller filme sjølv: Tenk på mobilbrukaren og vel ståande format. Det tek mest skjermplass, noko som betyr at brukaren bruker lengre tid på å skrolle forbi, og at sjansen er større for at han eller ho legg merke til innlegget og stoppar opp.

Rett og feil bruk av biletformat i sosiale medium. Eit ståande format er betre eigna enn eit liggjande format. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk av video

I staden for å leggje inn ei lenkje til YouTube bør du heller laste videoen direkte opp på Facebook, slik at brukarane blir fanga med ein gong.

Opplasting av video til Facebook. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk av emojiar

Emojiar er ei smakssak, men dei kan fungere godt om du vil fange merksemda. Då får vi sjå litt meir enn berre ein vanleg, grå tekst. Både fargen og det faktumet at eit annleis element dukkar opp i den skriftlege teksten, gjer hjernen vår nysgjerrig på kva det er som skil seg ut. Emojiane bidreg òg til å halde på merksemda til lesaren.

Facebook-post der det er nytta emojiar i beskrivinga av eit videoinnlegg. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Algoritmar

Algoritmar er eit stort tema i seg sjølv, men fungerer òg som eit påskjøningssystem. Vi blir påskjønte av Facebook når vi bruker bilete, videoar og emojiar og postar jamleg. Då dukkar vi oftare opp i nyheitsvarslinga ("newsfeeden") til kundane våre.

Har vi innhald som ikkje engasjerer, som får kundane til å skrolle rett forbi, blir vi straffa og blir sjeldnare viste i nyheitsvarslinga. Derfor er det viktig at vi klarer å fange merksemda til kundane våre, og vere klar over at vi deler innhald som er relevant for dei.

Innhald i innlegg

Det er innhaldet som avgjer om ei side gjer det bra eller dårleg i sosiale medium. Ein jamn straum med godt innhald lønner seg i mykje større grad enn reklame. For å vere aktuelle bør vi òg dele innhald frå andre. Då tiltrekkjer vi oss dei rette brukarane, dei som faktisk er interesserte i det vi har å seie. Vi må tenkje på kven kundane våre – altså målgruppa vår – er.

Dialog

Oppmod til dialog, still spørsmål i innlegga dykkar! Får de svar, er det viktig at de lyttar og svarer. Vi er til for kundane våre, og då vil vi jo høyre meiningane og tankane deira òg.

Sosiale medium gir rom for å bruke humor, vere litt uformell og by på seg sjølv. Det er lov å ha eit noko munnleg språk.

Planlegg innlegg

Set av ein times tid kvar veke til å planleggje innlegga dine, så slepp du å tenkje på dette i ein elles hektisk kvardag.

Det optimale er minst tre innlegg kvar veke. Jamn aktivitet på sida dykkar blir påskjønt av Facebooks algoritmar. Det er heller ikkje tilrådd å ha meir enn eitt innlegg om dagen, for innlegga mistar effekt når dei kjem for tett etter kvarandre.

Obs! Ikkje pøs ut fem innlegg på éin dag, for så å ta to vekers pause.

Publiseringsverktøyet – steg for steg

Skjermdump av publiseringsverktøyet til Facebook. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du lurer kanskje på korleis du kan planleggje innlegg? Publiseringsverktøyet til Facebook er gull verd, og vi tilrår alle å bruke det.

Når du går inn på sida du er redaktør for, skal du få opp ein meny på venstre side. Her ligg publiseringsverktøyet.

Etter at du har trykt deg inn på publiseringsverktøyet, får du opp moglegheita til å sjå dei publiserte innlegga dine. Vidare kan du planleggje innlegg, og du kan laga utkast.

Du kan planleggje fleire innlegg og setje dato og tidspunkt for når du vil at innlegga skal publiserast. Når du har gjort dette, fiksar Facebook resten!

Styrer du hovudkontoen til bedrifta di, har du tilgang til Creator Studio. Dette verktøyet gjer at du har moglegheit til å planleggje innlegg og publisere på alle kontoane som er kopla til bedrifta, òg Instagram. Så her kan du gjere alt på éin stad.

Lenkjer

Lenkja festar seg til Facebook-innlegget når du limer ho inn, slik at du kan fjerne ho frå teksten din etterpå.

Det er berre éi lenkje som festar seg, så dersom du skal ha fleire lenkjer i eitt og same innlegg, kan det vere lurt å forkorte lenkjenamna med t.d. bit.ly.

Tips: Dersom du ikkje får opp biletet etter at du har limt inn lenkja i tekstboksen, trykk på mellomromstasten på tastaturet ditt.

Når biletet har dukka opp, kan du slette lenkja frå tekstboksen. Lenkja har no festa seg, og du treng ikkje lenger url-en i teksten.

Emneknaggar

Emneknaggar ("hashtags") blir framleis først og fremst brukte på Instagram. Facebook har òg denne funksjonen, men det er mindre brukt der enn på Instagram.

Ein Instagram-post med eit bilete av ei jente og mange emneknaggar i bekrivingsfeltet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når skal du publisere?

Her finst det heller ingen enkel fasit. Kundane er forskjellige, og dei er aktive på ulike tidspunkt.

Òg her er det lov å prøve og feile, og å bli kjend med målgruppa di. Analyseverktøya våre kan hjelpe deg, men du kan òg gjere litt tankearbeid sjølv. Prøv å tenkje som kundane dine.

Analyser

Etterarbeidet er viktig! Analyser innhaldet ditt: Var det eit innlegg som slo skikkeleg godt an – eller veldig dårleg? Sjå nærare på det: Hadde du valt eit godt tidspunkt, gjorde du noko annleis enn i andre innlegg, var det eit bilete eller ein video som gjorde susen, osb.

Sjå på tala for engasjement framfor talet på liker-klikk. Engasjement viser alle som har stoppa opp og sett på videoen din, som har klikka seg inn på lenkjene, kommentert eller lest heile innlegget ditt – altså gjort noko aktivt! Det er dette talet som måler suksessen din, ikkje kor mange "likes" du får.

Du treng ikkje bruke mykje tid på analyse, men følg med – det kan hjelpe deg til å få større engasjement framover.

Relatert innhald

Her ser vi på korleis bedrifter kan marknadsføre seg frå si eiga bedriftsside på Facebook og kjøpe annonsar på Facebook.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Gabrielsen.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2021

Læringsressursar

Nærvær på nett