Hopp til innhald
Oppgåve

Profilering av vektarselskap

Vektarselskap tilbyr sikkerheitsløysingar for heimar, arbeidsplassar og samfunn. I denne oppgåva skal du utforske og drøfte korleis eit vektarselskap profilerer seg i ulike medium.

Vel deg eit vektarselskap som du tek utgangspunkt i når du jobbar med oppgåvene nedanfor.

Oppgåve 1

Utforsk og drøft korleis vektarselskapet profilerer seg i ulike medium.

Oppgåve 2

Meiner du at vektarselskapet lykkast med profileringa si i ulike medium? Kvifor / kvifor ikkje?

Oppgåve 3

Drøft i kva grad du meiner det er viktig for vektarselskapet å profilere seg på nettet.

Oppgåve 4

Kva for konkrete råd vil du gi til vektarselskapet når det gjeld profilering i ulike medium? Set opp minst tre råd.

Oppsummering i klassen

Gå gjennom oppgåvesvara i klassa.

  • Er det store forskjellar på korleis dei ulike vektarselskapa profilerer seg?

  • Kva for eit vektarselskap synest de profilerer seg best? Grunngi svaret.

Vurder om de som klasse skal sende ein hyggjeleg e-post til dei ulike vektarselskapa der de gir dykkar samla råd om korleis dei bør profilere seg i ulike medium.

Tips til læraren

Denne oppgåva kan òg eigne seg som ei gruppeoppgåve. Då kan gruppene velje kvart sitt vektarselskap.