Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Profilering av praksisbedrifta i ulike medium

I denne oppgåva skal du planlegge og lage forslag til innhald som kan profilere praksisbedrifta di.
Silhuettar av to personar i eit nettbrett og i ein pc med ulike kommunikasjonssymbol rundt i lufta. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Sjå filmane nedanfor, og la deg inspirere.

  1. Politiets nettpatrulje Vest jobbar aktivt med nærværet sitt på nett.

    • Kvifor er det viktig for politiet å vere til stades på nett?

    • Kva ønsker dei å oppnå med nærværet sitt?

    • Korleis nyttar Politiets nettpatrulje Vest seg av TikTok?

  2. Forklar korleis mediebyrået Starcom arbeider med å marknadsføre Høyskolen Kristiania og Burger King.

Oppgåve 2

Verksemder kan profilere seg i ulike medium. Her skal vi sjå på eigne kommunikasjonskanalar som kan vere nettside, Facebook, Instagram og TikTok. Svar på spørsmåla nedanfor med utgangspunkt i praksisbedrifta di.

  1. Kva eigne kommunikasjonskanalar nyttar praksisbedrifta seg av?

  2. Kven er målgruppa til praksisbedrifta sine eigne kommunikasjonskanalar?

  3. Synest du innhaldet i praksisbedrifta sine eigne kanalar er tilpassa målgruppa på ein god måte? Kvifor/kvifor ikkje?

  4. Kva synest du om profileringa til praksisbedrifta i ulike medium?

  5. Synest du nærværet til praksisbedrifta på nett i eigne kanalar er vellykka? Kvifor/kvifor ikkje? Grunngi.

  6. Synest du praksisbedrifta bør vere til stades i fleire/andre kommunikasjonskanalar? Kvifor/kvifor ikkje? Viss ja, kva for nokre i så fall?

Oppgåve 3

Hent inspirasjon frå filmane ovanfor når du skal planlegge og lage forslag til korleis praksisbedrifta di kan profilere seg i eigne kanalar.

Planlegg innhald til ein eller fleire av kommunikasjonskanalane til praksisbedrifta.

  1. Kva målgruppe skal innhaldet du lagar, rette seg mot?

  2. Kva kommunikasjonskanal eller -kanalar kan vere formålstenlege å bruke for å treffe målgruppa?

  3. Kva kan vere aktuelt innhald/bodskap?

  4. Kva form bør innhaldet/bodskapen ha for å treffe målgruppa best?

  5. Kva verkemiddel vil du bruke for å få fram bodskapen? Skal det spele på kjensler, vere informativt eller begge deler?

Oppgåve 4

Ta utgangspunkt i planane frå oppgåve 3 og utarbeid forslag til innhald til ein eller fleire av praksisbedrifta sine eigne kommunikasjonskanalar.

Oppgåve 5

Vis fram forslaget/forslaga for klassen.

  1. Gjer greie for dei vala du har gjort.

  2. Ta imot tilbakemeldingar frå dei andre i klassen om kva som var bra, og kva som eventuelt kan eller bør endrast.

  3. Høyr med praksisbedrifta om dei er interesserte i å publisere noko av det du har produsert.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2022

Læringsressursar

Nærvær på nett