Profilering på nett
Bedrifter bruker sosiale medium til å profilere seg på nett. Målsetjinga bedrifta har med profileringa er å byggje ei sterk merkevare. Ei sterk merkevare har desse kjenneteikna:
speler på kjensler
skaper tilhøyrsel
byggjer identitet
viser at du er trendy
knyter seg til forteljingar
oppfyller draumar
Vel to bedrifter du kjenner til, som har ungdom som målgruppe. Du skal deretter samanlikne reklamen til bedriftene på sosiale medium etter dei følgjande kriteria:
Bedrifta skaper tilhøyrsel ved å vise ungdom på bilete og i video.
Bedrifta bruker influensarar eller rollemodellar.
Bedrifta verkar trendy, oppdatert, moderne.
Bedrifta er oppteken av saker som ungdom er opptekne av.
Bedrifta fortel historier om ungdom.
Etter at du har samanlikna reklamen til bedriftene, skal du reflektere over korleis og kvifor dei profilerer seg på ulike måtar.