Hopp til innhald
Oppgåve

Marknadsføring i praksisbedrifta sine eigne kanalar

Er praksisbedrifta di aktiv på sosiale medium? I denne oppgåva skal du produsere forslag til marknadsføring som er meint for publisering i kanalane til praksisbedrifta.

I ei bedrift kan det vere fleire som er engasjerte i å produsere og dele innhald til eigne . Tenk deg at leiaren i praksisbedrifta di kjem til deg med ein førespurnad om å produsere marknadsføringsinnhald for éin eller fleire av kanalane til bedrifta.

Oppdrag

Oppdraget er å produsere eitt eller fleire forslag til marknadsføringsinnhald for kvar av praksisbedrifta sine eigne kanalar. Canva er eit nettbasert gratisverktøy som kan vere til hjelp for å lage marknadsføringsinnhald.

Ha ei framvising for klassen. Kanskje praksisbedrifta er interessert i å publisere noko av det du har produsert?