Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nettprofileringa til Operasjon Dagsverk

Korleis profilerer Operasjon Dagsverk seg i ulike medium? I denne oppgåva skal de utforske og vurdere nettprofileringa til Operasjon Dagsverk. I tillegg skal de utforme dykkar eigne forslag til korleis dei kan profilere seg.
Operasjon Dagsverk. Logo.

De har sikkert høyrt om Operasjon Dagsverk (OD). Kanskje de òg har delteke på éin eller fleire OD-dagar? OD er Noregs største solidaritetsaksjon av, med og for ungdom. Kvart år arrangerer OD ein informasjonskampanje, Internasjonal Uke (IU), som skular kan delta på. Gjennom IU lærer elevar om global urettferd og korleis handlingane våre formar verda. Etter IU kan elevane velje om dei vil jobbe til inntekt for årets OD-prosjekt på OD-dagen.

Operasjon Dagsverk er til stades i fleire medium

Oppgåve 1

Utforsk nettprofileringa til OD.

  1. Drøft korleis OD profilerer seg i ulike medium.

  2. Kor vellykka vurderer de at nettprofileringa til OD er? Grunngi svaret.

Oppgåve 2

Sjå reklamefilmen for OD nedanfor, og svar deretter på desse oppgåvene:

  1. Beskriv dei første tankane de fekk då de såg reklamefilmen. Kva er bodskapen i reklamefilmen?

  2. Kva verkemiddel er nytta i denne reklamefilmen?

  3. Drøft om de meiner at dette er ein velfungerande reklamefilm for OD.

Reklamefilmen for Operasjon Dagsverk i tekst:

Intro med svart skjermbilete og ei stemme som fortel: "124 millionar ungdommar, akkurat som deg, kan verken skrive eller lese. Dei har ikkje moglegheit til å ta ei utdanning sjølv om det er det dei aller helst vil. Heldigvis."

Ein mann med grøn dress og same typen hatt som Robin Hood seier: "God dag. Mitt namn er Robin Good. De trur kanskje at eg er Robin Hood, men eg gjer ting litt annleis. I staden for å ta frå dei rike og gi til dei fattige, så tek eg frå dei fattige og gir til dei rike." Han blunkar og kastar hatten.

Vidare seier han: "Eg veit kva du tenkjer. Men er det rettferdig at vi skal skusle bort alt vi har oppnådd? Er det ikkje rettferdig at vi skal vareta interessene til landa våre? Det må vel vere rettferdig at ein bryr seg om seg og sine?" Robin Good snur seg mot kameraet, blunkar og seier: "Ja, eg trur det."

Han held fram: "I 1814 var forskjellen mellom verdas fattigaste og verdas rikaste sånn cirka 8 gonger. I dag er forskjellen 220 gonger så stor. Ja, ikkje så verst utvikling. Kan ikkje stoppe der." Robin Good kikkar smilande på eit nashorn-hovud som heng på veggen, og seier: "Fint nashorn, ikkje sant? Eg har skote han sjølv."

Og han held fram: "Eg må jo seie det at eg synest vi har vore ganske så flinke. I fjor klarte vi å få ti gonger så mykje pengar tilbake frå Afrika som det vi gav til dei. Vi låner ut mykje pengar, og så krev vi masse renter tilbake. Så det er eit fantastisk fint opplegg.

Du veit kva vi seier, ikkje sant? 'Leve Vesten, la oss halde fram festen.' Men desse menneska, dei veit jo korleis dei skal klare å forandre det vi i Vesten har bygd opp gjennom fleire hundreår." Robin Good tek opp eit bilete og seier: "No har nokre kvinner klart å tuske til seg ei utdanning, og så tek dei med heile familien sin. Dette er éin familie. Dette her er bekymringsverdig. Utdanning er livsfarleg. Altså, vi må berre ikkje gi oss; vi må stanse alle prosjekt som bidreg til utvikling."

Han kikkar rett i kameraet og seier alvorleg: "Éin skuledag med innsats frå deg vil gi cirka eitt års utdanning for folk i Malawi eller Etiopia. For guds skuld, sei nei til deltaking i Operasjon Dagsverk. Det er til ditt eige beste."

Oppgåve 3

No skal de utarbeide dykkar eigne forslag til korleis OD kan profilere seg. Ta utgangspunkt i temaet for den neste eller den førre OD-dagen.

På nettsidene til OD kan de laste ned det de treng av logo, fargepalett, fotografi, illustrasjonar og ulike malar. På nettsidene kan de òg få inspirasjon til å lage plakatar og Facebook-banner.

Nytt gjerne òg gratisverktøyet Canva, som har malar for mellom anna annonsar på sosiale medium, brosjyrar og plakatar.

Vis fram profileringsforslaga i klassa. Om det snart er OD-dag hos dykk, kan de hengje opp noko på skulen eller bruke det på nettet eller i sosiale medium.

Tilrådde verktøy

ODs visuelle profil

Canva

Lykke til!

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2021

Læringsressursar

Nærvær på nett