Hopp til innhald

Administrasjon

Administrative rutinar kan beskrivast som alle støtteoppgåvene til ei bedrift. Saksbehandling og dokumentbehandling er ein sentral del, i tillegg til administrasjon knytt til det å ha tilsette. Alle bedrifter har administrative rutinar, uansett kva bedrifta driv med.

Nærvær på nett

Bedrifter profilerer seg i ulike digitale medium, som på eiga nettside og på Facebook. Ved å vere synlege på nett kan bedrifter lett kome i kontakt med eksisterande og nye kundar. Nærvær på nett er ein viktig del av kommunikasjonsstrategien til bedrifta.