Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Internkontroll på skulen

Skulen du går på, skal òg følge krav til dokumentasjon av internkontroll. Noko skal dokumenterast skriftleg, og anna kan dokumenterast på andre måtar. Kva krav som gjeld, får du ei oversikt over i denne oppgåva. Bruk skjemaet som viser krava, og løys oppgåva.
Sjekkliste og penn. Foto.

Korleis skal internkontroll dokumenterast?

Dokumentasjonskrav

Det skal dokumenterast at

Krav til dokumentasjon

1) lover og forskrifter som gjeld for verksemda, er tilgjengelege, og at bedrifta har oversikt over dei krava som er særleg viktige for verksemda

ingen spesielle

2) arbeidstakarane har tilstrekkeleg med oppdaterte kunnskapar om og ferdigheiter i det systematiske HMS-arbeidet på arbeidsplassen

ingen spesielle

3) arbeidstakarane medverkar, slik at den samla kunnskapen og erfaringa blir utnytta

ingen spesielle

4) det er fastsett mål for helse, miljø og tryggleik

skriftleg

5) det finst oversikt over organiseringa av verksemda, inkludert korleis ansvar, oppgåver og myndigheit for arbeidet med HMS er fordelt

skriftleg

6) farar og problem er kartlagde, og at ein på bakgrunn av kartlegginga vurderer risiko og utarbeider tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikoforholda

skriftleg

7) det er sett i verk rutinar for å avdekke, rette opp og førebygge brot på reglar innanfor HMS-lovgivinga

skriftleg

8) det blir gjennomført systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at han fungerer

skriftleg

9) krav til dokumentasjon innanfor HMS-lovgivinga er følgde – til dømes instruksar, løyve, kompetansebevis og sertifikat

skriftleg

Oppgåve

  1. Sjå på punkt 1–3 i skjemaet. Desse punkta har ingen formelle krav til dokumentasjonsmåte. Korleis meiner du dei kan dokumenterast? Foreslå dokumentasjon for kvart enkelt punkt.
  2. Sjå på punkt 4 i skjemaet. Kva trur du er meint med å setje mål for HMS-arbeidet? Finn ut kva mål som er sette på skulen din.
  3. Les punkt 5–8 i skjemaet. Grunngi kvifor det er viktig at desse punkta blir dokumenterte skriftleg.
  4. Sjå nærare på punkt 9. Her blir det nemnt ulike dokument. Kva for nokre av dokumenta som er nemnde, vil vere aktuelle på skulen din?

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2020

Læringsressursar

HMS- og kvalitetsarbeid i helsetenesta