Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

HMS-tiltak i praksis

HMS- og kvalitetsarbeid handlar om å sikre gode fysiske og psykiske forhold på ein arbeidsplass. Det inneber konkrete tiltak knytte til dei ulike faktorane som påverkar arbeidsmiljøet.
Pleiar reier opp seng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmål

  1. Kva betyr forkortinga HMS?
  2. Kven har ansvaret for HMS- og kvalitetsarbeidet i helsetenestene?
  3. Kva er oppgåvene til verneombodet?
  4. Kva er eit sikkerheitsdatablad/tryggingsdatablad for kjemikal?
  5. Kva kjemikal er vanlege å nytte i ein helseinstitusjon?
  6. Gi døme på tiltak for å førebygge sjukdom og skadar blant dei tilsette på praksisstaden din eller skulen din når det gjeld
    1. fysisk arbeidsmiljø
    2. psykososialt arbeidsmiljø
    3. kjemisk arbeidsmiljø
    4. fysiske forhold knytte til ein arbeidsoperasjon (arbeidsoppgåve)
  7. Finn ut kva som står om alminneleg arbeidstid i arbeidsmiljølova.

    1. Kva skjer med alminneleg arbeidstid dersom du jobbar turnusarbeid?
    2. Kvifor er arbeidstid ein viktig del av HMS-arbeidet?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020

Læringsressursar

HMS- og kvalitetsarbeid i helsetenesta