Hopp til innhald

Fagstoff

Seksuell trakassering på arbeidsplassen

Som helsefagarbeidar skal du føle deg trygg på kollegaer for å gjere ein god jobb og samarbeide på ein profesjonell måte. Å bli utsett for uønskt seksuell merksemd frå brukarar og pasientar er òg uakseptabelt.

Kven har ansvaret?

Du har ansvar for å seie frå om uønskte hendingar, og leiinga har ansvaret for å ta deg på alvor. Dei skal òg gi deg rettleiing når pasientar er for pågåande. Eit tiltak kan vere å setje inn ekstra ressursar. Andre tiltak kan vere at de snakkar om det på avdelinga og gir kvarandre råd. Gode førebyggande tiltak og eit verneombod som er merksam på problematikken, er viktig.

Uønskte hendingar frå kollegaer kan bli eit stort arbeidsmiljøproblem, og det er viktig at du seier frå til leiinga, andre kollegaer eller verneombodet. Det kan òg meldast til Arbeidstilsynet. Du skal føle deg trygg på jobb og på arrangement i regi av jobb.

Utfordringar til deg

  1. Kva blir meint med seksuell trakassering?
  2. Kvifor er det viktig å seie frå dersom du opplever uønskt seksuell merksemd på jobben?
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020

Læringsressursar

HMS- og kvalitetsarbeid i helsetenesta