Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva inneber HMS i helsevesenet?

HMS- og kvalitetsarbeid i helsevesenet handlar om tiltak og regelverk for å sikre eit godt og trygt arbeidsmiljø, men kva inneber det i praksis for dei tilsette?

Sjå filmen og svar på oppgåvene.

Oppgåver

  1. Kvifor er opplæring av nytilsette prioritert på denne sjukeheimen? Kva betyding kan det ha for den nytilsette sjølv, for kollegaene, pasientane og arbeidsgivaren at slik opplæring blir gitt?
  2. Avdelingsleiaren legg vekt på opplevinga til dei tilsette når ho snakkar om HMS. Kvifor gjer ho det?
  3. Kva kan skje dersom ein tilsett ikkje har kunnskap om korleis ein flyttar ein pasient på riktig måte, eller om den tilsette ikkje nyttar denne kunnskapen?
  4. Hjelpepleiar Ola seier noko om når han jobbar med HMS i løpet av ein arbeidsdag. Kva seier han om dette, og kvifor er det slik som han seier? Diskuter dette i klassen.
  5. Verneombodet seier at føremålet med HMS er å gi personalet eit forsvarleg og helsefremjande arbeidsmiljø. Kva faktorar ramsar ho opp som påverkar arbeidsdagen for å oppnå dette?
  6. Hjelpepleiar Ola seier at det er viktig for arbeidsmiljøet at avdelingsleiaren ser den enkelte. Sjølv seier avdelingsleiaren at det er viktig at dei tilsette får heider for den jobben dei gjer. Kvifor trur du dette er viktig? Diskuter i klassen.
  7. Denne sjukeheimen legg vekt på at dei tilsette gjennom kurs får utvikle den faglege kompetansen sin.
    1. Kva betyding har dette for den enkelte arbeidstakaren?
    2. Kvifor blir dette sett på som ein del av HMS-arbeidet?
  8. Kva er forklaringa på at medisinbruken har gått ned på denne avdelinga?
  9. Kva for nokre konkrete tiltak har dei på denne sjukeheimen, som skal bidra til å skape eit helsefremjande arbeidsmiljø? List opp!
  10. Det blir sagt at fornøgde tilsette fører til eit godt tilbod for pasientane. Kva er årsaka til dette?
  11. Massasjeterapeuten gir tilbod om behandling til dei tilsette som har ulike fysiske plager. Kva plager kan dette vere, og kva meiner ho kan vere årsaka til desse plagene?
CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020

Læringsressursar

HMS- og kvalitetsarbeid i helsetenesta