Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Seksuell trakassering på jobb

Kvinner og menn blir utsette for uønskt seksuell merksemd og trakassering på jobb. Dette er eit arbeidsmiljøproblem som er alvorleg.

Oppgåver

  1. Kva meiner vi med seksuell trakassering mellom kollegaer?
  2. Kva skal du gjere viss du opplever seksuell trakassering frå kollegaer?
  3. Korleis trur du ein kan førebyggje seksuell trakassering på arbeidsplassen?
  4. Hans er 45 år og er brukar av heimebaserte tenester. Han sit i rullestol. Ein dag du kjem for å hjelpe til med morgonstellet, vil han at du skal vaske han nedantil. Hans klarer eigentleg å vaske seg sjølv, men i dag nektar han. Du merkar at Hans testar grensene dine, og du blir usikker på kva du skal gjere. Han flørtar med deg og vil gjerne at du skal utføre vask nedantil. Forklar med eigne ord korleis du trur du ville reagert i dette tilfellet.
  5. Tenk igjen over omgrepet seksuell trakassering, og beskriv forskjellen på når det skjer mellom kollegaer og frå ein brukar av helsetenester.
  6. Når fleire er meir medvitne om kva som er akseptabel åtferd, vil fleire også bli medvitne om kva som er uakseptabel åtferd. Kva meiner vi med det?
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020

Læringsressursar

HMS- og kvalitetsarbeid i helsetenesta