Korleis er eksamensoppgåvene utforma?
Eksamensoppgåva består gjerne av eit breitt tema som dekker mange av kompetansemåla i naturfag. Saman med oppgåva kan du få gitt opp ei liste med forsøk eller andre praktiske oppgåver som du kan bli eksaminert i.
Du bruker førebuingstida til å setje deg inn i det temaet du har fått, og forsøka du har fått gitt opp.
Oppgåve 1. Kosthald, helse og livsstil
Vel eit aktuelt helse- og livsstilsspørsmål som du drøftar, eller ta utgangspunkt i ein av casane i artikkelen Livsstilsvanar hos norske ungdommar.
Presenter det du finn ut.
Tips!
I artikkelen Livsstilen din ligg det eit rekneark som inneheld resultat frå ei stor undersøking om livsstilen til ungdom.
Vel deg eit eller nokre få område som du undersøker nærare. Lag grafiske framstillingar, og presenter det du finn ut.
Aktuelle stikkord
- Kva blir meint med næringsstoff?
- Vel eit eller fleire næringsstoff. Forklar korleis dei er bygde opp, kva som skjer med dei i kroppen, og kva som kan vere gode kjelder til desse næringsstoffa.
Gjer kort greie for funksjonen til det næringsstoffet / dei næringsstoffa du har valt.
Forklar og vis korleis du kan påvise desse næringsstoffa.
- Kva meiner vi med eit variert kosthald?
Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?
Kva er samanhengen mellom kosthald og miljøgifter?
Kommenter påstanden "Det er ikkje berekraftig å ete kjøtt", eller finn ein annan påstand om kosthald og vurder kor påliteleg han er.
- Kvifor er spørsmålet du har valt, aktuelt?
Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes artikkelen KMI-programmering i Python.
Forsøk
Forslag til forsøk
Forsøk: Påvising av monosakkarid
Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk
Kompetansemål i læreplanen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor pålitelig [sic] informasjon frå ulike kjelder er
gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv
utforske og gjere greie for samanhengar mellom kjemiske bindingar og eigenskapar til ulike stoff
risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda
vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen
gjere greie for korleis nokre miljøgifter kan bli akkumulerte i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø
Oppgave 2. Bruk av bioteknologi
Lag ei problemstilling eller oppgåve om bruk av bioteknologi, og drøft etiske spørsmål knytte til bioteknologi. På oppgåvesida Vurder argument om etiske problemstillingar i bioteknologi finn du døme på problemstillingar du kan ta utgangspunkt i.
Aktuelle stikkord
Kva er DNA?
- Kva er samanhengen mellom gen, kromosom, DNA og eigenskapar?
- Korleis kan eigenskapar gå i arv frå generasjon til generasjon?
- Arv og miljø
Kva er bioteknologi?
Døme på bruk av bioteknologi.
- Vel eit døme på bruk av bioteknologi som du presenterer i meir detalj:
- Kva er prinsippa bak teknologien?
- Kva blir han brukt til i dag?
Kva mogelegheiter kan han gi i framtida?
- Kva etiske spørsmål reiser bruk av denne teknologien?
- Drøft aktuelle fordelar og ulemper.
Gi din eigen konklusjon der du veg fordelar opp mot ulemper.
Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes sida Krysning og arv – programmering i Python.
Kompetansemål i læreplanen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
beskrive DNA og korleis eigenskapar blir arva, og gjere greie for korleis arv er ein føresetnad for evolusjon
gi døme på bruk av bioteknologi og drøfte etiske spørsmål knytte til bioteknologi
utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar
risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda
vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen
Oppgave 3. Mytar og faktum om stråling
Lag ei problemstilling eller oppgåve om stråling, eller ta utgangspunkt i casen under.
Case: Nabo som er skeptisk til stråling
Tenk deg at du har ein nabo som har store helseplager. Vedkommande meiner dette kjem av stråling frå trådlause nettverk, og hen vil at alle naboane skal skru av dei trådlause netta sine og gå over til kabla internett. Foreslå moglege løysingar på denne situasjonen.
Aktuelle stikkord
- Beskriv nokre sentrale bølgefenomen.
- Forklar hovudprinsippa for trådlaus kommunikasjon.
Gi døme på kva slik teknologi blir brukt til.
- Ta utgangspunkt i påstandar om stråling og diskuter desse med bakgrunn i fagkunnskap, gjerne kopla til nokre av forsøka i lista under.
Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes sida Bryting og overlagring – programmering.
Kompetansemål i læreplanen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar
risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda
vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen
utforske og beskrive nokre sentrale bølgjefenomen
forklare hovudprinsippa for trådlaus kommunikasjon og gi døme på kva slik teknologi blir brukt til
utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserande stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffektar av ulike strålingstypar
Oppgave 4. Miljøet rundt oss
Lag ei problemstilling eller oppgåve som tek for seg sentrale miljøproblem i Noreg og verda i dag.
Aktuelle stikkord
Kva går problemet ut på?
Kvifor og korleis har det blitt eit problem?
Kva kan vi gjere for å løyse problemet?
Kva rolle har teknologi når det gjeld å løyse slike problem? Kan teknologi òg vere med på å skape problem?
Bruk av programmering. Kan du bruke programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine? Sjå til dømes Python-simulator for klimatiltak.
Forsøk
Forslag til forsøk
Vurder miljøtilstanden i vatn og vassdrag (utvalde målingar)
Kompetansemål i læreplanen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
utforske eigenskapar og reaksjonar til nokre organiske og uorganiske karbonsamband, gi døme på korleis dei blir anvende, og gjere greie for kva betydning karbonet har for livet på jorda
utforske og gjere greie for samanhengar mellom kjemiske bindingar og eigenskapar til ulike stoff
utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar
risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda
vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen
gjere greie for korleis klimaendringar påverkar evolusjon, utbreiing av artar og biologisk mangfald
gjere greie for korleis nokre miljøgifter kan bli akkumulerte i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø
Oppgave 5. Presenter ei sjølvvald problemstilling
I løpet av skuleåret har du jobba med ei sjølvvald problemstilling. Presenter det du har funne ut, og argumenter for den metoden du valde å bruke.
Aktuelle stikkord
- Kvifor valde du denne problemstillinga?
- Kva hypotesar har du jobba med?
- Korleis undersøkte du om hypotesane stemde?
- Kva fann du ut?
- Korleis heng det du har funne ut, saman med andre emne i naturfag og andre fag?
Korleis er det du har funne ut, relevant for utdanningsprogrammet ditt?
Bruk av programmering. Har du brukt programmering for å kaste lys over nokre av problemstillingane dine?
Forsøk
Her må aktuelle forsøk tilpassast den problemstillinga du har jobba med.
Kompetansemål i læreplanen
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar
risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda
I tillegg kjem kompetansemål som er spesifikke for den problemstillinga du har vald.
Kjelde
Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i naturfag (NAT01‑04). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04