Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Laserlys i vasstråle

I dette forsøket skal du studere korleis lys oppfører seg i ein vasstråle.
Laserlys sendast gjennom ei plastflaske med vatn. Flaska har eit hol der lyset skal treffe og følgje vasstrålen som kjem ut. Illustrasjon.

Utstyr

  • ein laserpeikar
  • eit stativ for å feste laserpeikaren
  • ei tom 1,5 liters plastflaske
  • noko kvast til å lage eit hol på om lag 3 mm i plastflaska
  • ein vask eller eit kar til å fange opp vassøl

Framgangsmåte

  1. Lag eit hol ganske langt nede på flaska. Få det så jamt rundt kanten som mogleg.
  2. Demp lyset i rommet, og fest laserpeikaren i eit stativ slik at laserstrålen treffer flaskeveggen på motsett side av holet.
  3. Plasser flaska sånn at vatnet som renn ut, landar i karet.
  4. Hald for holet, og fyll flaska med vatn.
  5. Lys med laserpeikaren sånn at lysstrålen følgjer vatnet ut av holet i flaska.

Kva skjer med lysstrålen på utsida av holet?

Kan du forklare det som skjer?

CC BY-SASkrive av Astrid Johansen.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2020

Læringsressursar

Lys, lyd og bølgjefenomen