Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Forsuring av vatn

Finn ut korleis vatn kan bli surare, og korleis vi kan observere at det skjer.
Vann helles i glass. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kan du endre surleiksgrada (pH) i vatn?

Framfor deg har du eit glas med vatn.

Trur du det er mogleg å endre surleiskgrada i vatnet utan at du har nokon kjemikalium å jobbe med?

Treng du eit tips, kan du kikke bak «rullegardina» under.

  1. Korleis kan du påvise at pH-en endrar seg i vatnet ditt? Føreslå fleire metodar.
  2. Planlegg og gjennomfør eit forsøk der du skal påvise endring i pH.
  3. Kor mykje trur du at du kan klare å endre pH-en?
  4. Prøv med både kaldt og varmt vatn. Kan du observere nokon skilnad? Forklar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2019

Læringsressursar

Modell av havforsuring