Forsøk: Forsuring av vatn
Finn ut korleis vatn kan bli surare, og korleis vi kan observere at det skjer.
Kan du endre surleiksgrada (pH) i vatn?
Framfor deg har du eit glas med vatn.
Trur du det er mogleg å endre surleiskgrada i vatnet utan at du har nokon kjemikalium å jobbe med?
Treng du eit tips, kan du kikke bak «rullegardina» under.
- Korleis kan du påvise at pH-en endrar seg i vatnet ditt? Føreslå fleire metodar.
- Planlegg og gjennomfør eit forsøk der du skal påvise endring i pH.
- Kor mykje trur du at du kan klare å endre pH-en?
- Prøv med både kaldt og varmt vatn. Kan du observere nokon skilnad? Forklar.
Relatert innhald
Nettside hos bjerknes.uib.no
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2019