Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lysbryting (simulering)

I denne simuleringa kan du teste ut korleis lys oppfører seg når det går frå luft til vatn, eller gjennom glas, og mykje meir. Du kan òg måle inn- og utgangsvinkel, og sjå om fargen til lyset påverkar resultatet.

Om denne simuleringa

Simuleringa gir mellom anna høve til å flytte lyskjelda, justere innfallsvinkel og endre mediet til vatn, luft eller glas. Teorien som ho bygger på, finn du på sidene Bølgefenomen, Lysbryting og Lydbølger.

Simuleringa kan ikkje lesast av skjermopplesar. På sida Utforsk lydbølger er det mange aktivitetar der du kan utforske bølgefenomen utan at syn er avgjerande for opplevinga.

Oppgåve 1. Introduksjon – la innstillinga stå på luft øvst og vatn nedst

  1. Kva kan du seie om innfallsvinkelen og refleksjonsvinkelen (det vil seie vinkelen til lysstrålen i forhold til den vertikale linja som kallast innfallsloddet)?
  2. Utforsk korleis intensiteten i den reflekterte strålen og den strålen som går ned i vatnet blir påverka av innfallsvinkelen. Kva fann du ut? Kvifor trur du det er sånn?
  3. Kva skjer med brytninga av strålen når du endrar det nedste materialet frå vatn til glas? Kvifor skjer dette?
  4. Endre innstillingane slik at du får vatn øvst og luft nedst. Kan du finne grenseverdien for innfallsvinkelen? Grenseverdien er den innfallsvinkelen som akkurat gjer at strålen ikkje lenger går ned i vatnet. Vinklar større enn denne gir totalrefleksjon.

Oppgåve 2. Prisme – la omgivnadene vere luft

  1. Test ulike glasprisme. Du kan òg bruke fleire prisme etter kvarandre. Endre fargeskalaen og noter kva lysfargar som blir mest brotne og minst.
  2. Undersøk deretter kva som skjer om du bruker kvitt lys. Stemmer det med korleis enkeltfargane oppfører seg?

Oppgåve 3. Fleire verktøy

  1. Her kan du mellom anna teste korleis lysfarten endrar seg i ulike materiale. c er lysfarten i tomt rom og luft. Kva fann du ut?
  2. Undersøk korleis lysfarten er for ulike fargar. Ser du nokon samanheng mellom dette og kor mykje lysstrålen blir broten?
CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle. Rettshavarar: University of Colorado og PhET simulations
Sist fagleg oppdatert 15.03.2020

Læringsressursar

Lys, lyd og bølgjefenomen