Forsøk: Enzym i spytt - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Enzym i spytt

I dette forsøket skal du påvise monosakkarid og polysakkaridet stivelse ved hjelp av Fehlings væske og jodløysning.

Føremål

I dette forsøket skal du

  • undersøkje om spytt påverkar sukkerartane før vi svelgjer maten
  • få erfaring med korleis vi kan bruke jodløysning og Fehlings væske til å påvise ulike karbohydrat

Metode

er ei klar blå væske som består av Fehling A og Fehling B. Denne blandinga blir brukt til å påvise ulike sukkerartar. Væska blir mursteinsraud når ho blir varma opp i ei blanding med monosakkarid og disakkarida maltose og laktose.

Jodløysning (jod-kaliumjodidløysning) påviser polysakkaridet stivelse ved fargeomslag til mørkeblått/svart.

Utstyr, løysningar og kjemikaliar

  • Fehlings væske (Fehling A og Fehling B), ev. Benedicts løysning
  • jodløysning (1 %)
  • grovt knekkebrød
  • reagensglas (4 per gruppe)
  • begerglas med vatn
  • varmebad (100 grader)
  • mortar til knusing av knekkebrød
  • for å teste reaksjonen før forsøket
  • glukose løyst i vatn for å teste reaksjonen før forsøket
  • maltekstrakt og mjølk for å teste reaksjonen før forsøket

Før du startar forsøket

  1. Gjennomfør risikovurdering. Hugs både sikkerheit og avfall. Fehlings væske er sterkt etsande (5 % NaOH), og koparion er farleg avfall.
  2. Planlegg og gjennomfør ei forundersøking som gir deg eit sikkert utgangspunkt for å tolke resultata.

    1. På biletet øvst i artikkelen ser du korleis Fehlings væske reagerer med ulike konsentrasjonar av glukose, men korleis vil ho reagere med maltose og laktose?

      Løys opp litt maltekstrakt og mjølk i vatn i kvart sitt reagensglas.

    2. Tilset Fehlings væske, og set deretter reagensglasa i kokande vassbad.
    3. Viss du har tid, kan du gjere det same med glukose og vanleg røyrsukker.
    4. Hugs å merke glasa!
    5. Bruk resultata frå forundersøkinga til å tolke resultatet i forsøket.

Framgangsmåte

  1. Merk reagensglasa A, B, C og D.
  2. Knus 1/2 knekkebrød i ein mortar.
  3. Fordel pulveret frå det knuste knekkebrødet i to reagensglas: A og B. Ei matskei er nok.
  4. Tygg ein knekkebrødbit i minst 3 minutt, og fordel massen på reagensglasa C og D.
  5. Etterfyll med vatn til alle 4 reagensglasa er halvfulle.
  6. Tilset 2–3 dropar jodløysning i reagensglas C og D.
  7. Tilset Fehlings væske i reagensglas B og D til dei blir 2/3 fulle.
  8. Set reagensglas B og D i kokande vassbad i cirka 5 minutt.

Dokumentasjon

  1. Observer og beskriv resultatet.
  2. Drøft eventuelle feilkjelder, og skriv ein konklusjon.

    1. Kva typar karbohydrat inneheld knekkebrødet du brukte?
    2. Korleis påverka tygginga resultatet? Forklar!

Bruk gjerne ein tabell til å registrere resultata

registrere resultata

Glas

Innhald

Reaksjon med jodløysning

Reaksjon med Fehlings væske

A

Knekkebrødpulver
i vatn

---

B

Knekkebrødpulver
i vatn

---

C

Togge knekkebrød

---

D

Togge knekkebrød

---

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 13.10.2020