Forsøk
Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk
Lær korleis du kan påvise protein og laktose i mjølk.
Lære korleis ein kan påvise protein og laktose i mjølk.
Fehlings væske er ein mørkeblå løysning som skifter farge til
mursteinsraudt når vi varmar opp væska med eit monosakkarid i
tillegg til disakkarida mjølkesukker (laktose) og maltsukker
(maltose). Væska held på blåfargen når ho blir varma opp med
sukrose eller stivelse.
- Tilset 1 dL lettmjølk i eit 300 mL begerglas. Varm opp under omrøring til 40–50 °C.
- Tilset ei matskei eddik. Når mjølka skil seg, kjem ostestoffa opp som ein kvit deigklump. Ostestoffa inneheld feitt og protein.
- Ved hjelp av ei vekt og varedeklarasjonen på mjølkekartongen kan vi sjå at det aller meste av ostestoffa er protein. Det som er att i begerglaset, kallar vi myse. Myse er i hovudsak vatn og laktose.
- Tilset Fehlings væske og varm opp. Kva skjer?