Hopp til innhald
Øving

Personleg pronomen i dativ

Personlege pronomen er ord som står i staden for substantiv. Dei kan vere subjekt eller objekt i ei setning. Personlege pronomen har bøying, det vil seie ulike subjekts- og objektsformer. Her lærer du dativformene av dei tyske personlege pronomena.

Behov for litt repetisjon?

Oppgåvene på denne sida føreset at du har lært om personleg pronomen i nominativ (subjektsform). Vil du sjekke om du har basiskunnskapen inne? Les samandraget nedanfor og gjer oppgåve 1.

Viss du føler deg trygg på dei personlege pronomena i nominativ, kan du gå rett på delen om kasus nedanfor.

Kort om personlege pronomen i tysk

  • Eit personleg pronomen er eit ord som står i staden for eit substantiv. Eksempel: I staden for substantivet tante kan vi bruke det personlege pronomenet ho.

  • Personlege pronomen kan vere subjekt eller objekt i ei setning.

  • Det høflege pronomenet heiter Sie på tysk. Det blir brukt når vi snakkar til ein eller fleire personar. I tysk er høfleg form langt meir vanleg enn i norsk.

  • I tysk blir er, sie og es brukte om både personar og ting. Er blir brukt ved hankjønnsord, sie ved hokjønnsord og es ved inkjekjønnsord.

Oversikt over personlege pronomen i nominativ

Vi skil mellom pronomen i første, andre og tredje person. Første person bruker vi når vi snakkar for oss sjølve. Andre person bruker vi når vi snakkar direkte til nokon. Tredje person bruker vi når vi snakkar om nokon.

Personleg pronomen

entall

flertall

første person

ich (eg)

wir (vi)

andre person

du (du)

ihr (de)

tredje person

er, sie, es (han, ho, det)

sie (dei)

Øving 1: Kjapp pronomensjekk

Kontroller om du meistrar subjektsforma til dei norske og tyske personlege pronomena.

Personleg pronomen i dativ

Du har ganske sikkert vore borti nokre uttrykk med dativ allereie – for eksempel:

  • Wie geht es dir? Korleis går det med deg?

  • Hilf mir bitte! Hjelp meg, er du snill!

  • Lernst du heute mit uns? Gjer du lekser saman med oss i dag?

Dativ er ei objektsform. Det finst nokre vanlege verb som tar objekt i dativ. Ein del preposisjonar, for eksempel mit, tar òg dativ.

Tabellen nedanfor viser nominativ- og dativformene til dei personlege pronomena:

Personlege pronomen i nominativ og dativ

Nominativ

ich

du

er

sie

es

wir

ihr

sie

Sie

DativmirdirihmihrihmunseuchihnenIhnen

Øving 2: Pugg dativformene!

No skal du lære deg dativformene av alle personlege pronomena, og då er det pugging som gjeld! Pugg gjerne nominativ og dativ parvis: Nominativforma kjenner du allereie, og den kan du bruke som knagg slik at du lettare hugsar også dativforma.

Bruk tre–fire minutt på å innprente deg formene. Gå så saman med ein medelev og spør kvarandre om dativformene.

Dativverb

Dei fleste tyske verba som tar objekt, tar eit direkte objekt i akkusativ:

  • Ich liebe dich! Eg elskar deg!

Nokre få verb tar objekt i dativ, for eksempel helfen:

  • Ich helfe dir. Eg hjelper deg.

I øving 3 og 4 øver du både på personlege pronomen i dativ og på ti verb som tar objekt i dativ.

Ti verb som tar objekt i dativ

  1. Ich helfe dir. Eg hjelper deg.

  2. Antworte mir! Svar meg!

  3. Er dankt ihr. Han takkar henne.

  4. Sie gratuliert ihm zum Geburtstag. Ho gratulerer han med dagen.

  5. Die Hose gefällt mir. Eg liker buksa. (Eg synest buksa er fin.)

  6. Die Hose passt mir. Buksa er passeleg for meg.

  7. Die Hose steht dir gut! Buksa kler deg godt!

  8. Das Essen schmeckt mir. Eg liker maten. (Maten smaker.)

  9. Das Fahrrad gehört ihm. Han eig sykkelen. (Sykkelen tilhøyrer han.)

  10. Wie geht es dir? Korleis går det med deg?

Øving 3: Verb som tar objekt i dativ

Øving 4: Verb som tar objekt i dativ

  1. Gjer utfyllingsoppgåvene.

  2. Les setningane høgt og sett dei om til norsk.

Fasit oversettelse

Ver snill og hjelp meg!

Eg svarer han.

Han takkar oss.

Eg gratulerer henne med dagen.

Korleis går det med dykk?

Korleis liker de denne låten?

Er jakka passe stor for deg? Passar jakka?

Han kler denne buksa. / Buksa kler han.

"Maten smaker dei." / Dei synest at maten smaker godt.

Mopeden tilhøyrer henne. / Ho eig mopeden.

Dativ etter preposisjonar

Pronomen kan stå saman med ein preposisjon. Preposisjonen bestemmer då kasusen til pronomenet. I øving 5 møter du fire preposisjonar som tar dativ. Eksempelsetningar:

  • Er kommt morgen zu mir. Han kjem til meg i morgon.

  • Willst du mit mir lernen? Vil du gjere lekser saman med meg?

  • Er bekommt ein Geschenk von uns. Han får ei gåve av oss.

  • Wohnst du bei ihnen? Bur du hos dei?

Øving 5: Personleg pronomen etter dativpreposisjonar

  1. Gjer den interaktive øvinga.

  2. Sett om eksempelsetningane munnleg.

Fasit omsetting

  1. Han får ein bil av foreldra sine / av dei.

  2. Han diskuterer med Ahmad og meg / med oss.

  3. Eg må snakke med venninna mi / med henne.

  4. Blir du med til Alex og Lina / til dei?

  5. Eg har fått veska av Lisa / av henne.

  6. I dag har eg ein avtale med Peter / med ham.

  7. Eg må chatte med vennene mine / med dei.

  8. Anna er invitert til venninna si / til henne.

  9. Kvifor kranglar du alltid med broren din / med han?

  10. Hos deg og vennene dine / hos dykk skjer det alltid noko.

  11. Blir du med til Karin / til henne?

  12. Er denne SMS-en frå Hans / fra han?

Pronominaladverb

Ferdig med preposisjonar som tar dativ, og klar for ein liten ekstrarunde? Ta ein titt på desse eksempelsetningane:

  • Ich gehe mit meiner Freundin ins Kino. Ich gehe mit ihr ins Kino.

  • Ich fahre mit dem Fahrrad zur Schule. Ich fahre damit zur Schule.

  • Er erzählt von seinen Kollegen. Er erzählt von ihnen.

  • Er erzählt von seiner Reise. Er erzählt davon.

Kva skil mit meiner Freundin og von seinen Kollegen frå mit dem Fahrrad og von seiner Reise? Kom med eit forslag før du kikkar på svaret.

Svar
  • Freunde og Kollegen er personar, mens Fahrrad og Reise er ting og hendingar, og dermed ikkje noko levande.

  • Når vi snakkar om noko anna enn personar, bruker vi damit, davon osv. i staden for preposisjon og pronomen. Faguttrykket for denne typen ord er pronominaladverb.

  • Det som er kjekt med pronominaladverb, er at du slepp å tenke på korleis dei skal bøyast – de er ubøyelege.

  • Men snakkar du om personar, må du altså bruke pronomenet og hugse rett bøyingsform.

Øving 6: Pronominaladverb

Person eller ting/hending?

Kjapt oppsummert

Du har no lært om personleg pronomen i dativ. Dette bør du kunne svare på no:

  1. Kva er eit personleg pronomen?

  2. Kva er dativformene til dei personlege pronomena ich, du, er, sie (eintal), es, wir, ihr, sie (fleirtal)?

  3. Nemn nominativ og dativ av det tyske høflege pronomenet.

  4. Du har øvd på ti dativverb. Kva heiter verba?

  5. Kva dativpreposisjonar har du jobba med på denne sida (3 stk.)?

  6. Når bruker vi preposisjonaladverb (damit, davon, dazu osv.) i staden for preposisjon og pronomen?

Repetisjon

Har du behov for ein liten repetisjon i etterkant? Eller føretrekker du heilt enkelt å gjere grammatikkøvingar med papir og penn? Då kan du bruke vedlegget nedanfor.