Hopp til innhald
Øving

Spørjepronomen i nominativ og akkusativ

Spørjepronomen innleier spørjesetningar. På norsk heiter spørjepronomena kven og kva. På tysk heiter dei wer og was. Som alltid tilrår vi å jobbe i tospann med øvingane. Mykje meir gøy!

Spørjepronomenet was

Spørjepronomenet was bruker vi på same måten som spørjepronomenet kva i norsk: Vi spør om ting, hendingar, eigenskapar osv.

  • Was ist das? Kva er dette?

  • Was kochen wir heute? Kva skal vi lage til middag i dag?

  • Was sind Sie von Beruf? Kva er du av yrke?

Spørjepronomenet wer

Spørjepronomenet wer betyr kven. Vi bruker det for å spørje etter personar:

  • Wer fehlt heute? Kven er borte i dag?

Øving 1: Wer eller was?

Løys utfyllingsoppgåva og sett om eksempelsetningane munnleg til norsk.

Fasit omsetting
  1. Kva (slags mat) lagar du?

  2. Kven lagar mat i dag?

  3. Kven lagar salaten?

  4. Kva gjer du?

  5. Kva manglar i sausen?

  6. Kven er sjuk i dag?

  7. Kva skjer?

  8. Kven treng hjelp?

  9. Kva vil du gjere?

  10. Kven lærer tysk?

Øving 2: Lag spørsmål

Spør etter subjektet eller objektet. Eksempel:

  • Ich koche Spaghetti. Wer kocht Spaghetti?

  • Ich koche Spaghetti. Was koche ich?

Obs! I spørsmål med wer står verbet i tredje person eintal: Wer kocht? Was schmeckt gut? Wer ist zu Hause? Wer hat Hunger? osv.

Vi spør etter subjektet

I øving 1 og 2 har du stort sett spurt etter subjektet i setninga. La oss sjå på eit eksempel:

  • Ich koche Spaghetti. (Wer kocht Spaghetti?)

Her er ich subjekt i setninga, koche er verbal og Spaghetti er direkte objekt. Når vi spør: Wer kocht Spaghetti?, spør vi altså etter subjektet. Om subjektet ikkje er ein person, bruker vi pronomenet was:

  • Unser Haus ist klein. (Was ist klein?)

Vi spør etter det direkte objektet

I tysk står det direkte objektet i akkusativ. Eksempel:

  • Ich mag dich. (Eg liker deg.)

Ich er subjekt, mag er verbal og dich er direkte objekt. Dich er akkusativform av det personlige pronomenet du.

Was?

Når vi spør etter det direkte objektet, må spørjepronomenet ha akkusativform. Akkusativforma av spørjepronomenet was er også was.

  • Was mag er gern? – Er mag gern klassische Musik.

  • Kva liker han? – Han liker klassisk musikk.

Wen?

Spørjepronomenet wer har akkusativforma wen:

  • Wen mag ich? – Ich mag dich.

  • Kven liker eg? – Eg liker deg.

Oversikt over spørjepronomena

  • Spørjepronomenet wer blir bøygd som den bestemte artikkelen der.

  • Spørjepronomenet was blir bøygd som den bestemte artikkelen das.

I tabellen nedanfor står både nominativ- og akkusativformene:

Oversikt over artikkel og spørjepronomen

Nominativ

Akkusativ

hankjønnsartikkel derderden
spørjeordet werwerwen
inkjekjønnsartikkel dasdasdas
spørjeordet was was was

Øving 3: Wer, wen eller was?

Løys utfyllingsoppgåva og sett om eksempelsetningane munnleg til norsk.

Fasit omsetting
  1. Kva ser du? – Ein svart katt!

  2. Kven ser du? – Ella og Mia.

  3. Kva er det du ikkje forstår? – Fotosyntesen.

  4. Kva skriv du? – Eit brev.

  5. Kven forstår meg eigentleg? – Ikkje eg i alle fall.

  6. Kven treffer de i dag? – Foreldra våre.

  7. Kven ringer du? – Venninna mi.

  8. Kva skjer? – Ingenting.

  9. Kven er det han elskar? – Julie.

  10. Kva har fire bein og kan ikkje gå? – Eit bord!

Øving 4: Litt av alt

Jobb gjerne saman med ein medelev!

Kjapt oppsummert

Du har no lese om spørjepronomen og løyst oppgåver. Dette bør du kunne svare på no:

  1. Kva heiter spørjepronomena wer og was på norsk?

  2. Kva former har wer og was i nominativ (subjektsform) og akkusativ (objektsform)?

  3. Kva form av verbet tek pronomenet wer?

  4. Kva setningsledd spør vi etter når vi spør: Wen ...?

Repetisjon

Har du behov for ein liten repetisjon i etterkant? Eller føretrekker du heilt enkelt å gjere grammatikkøvingar med papir og penn? Då kan du bruke vedlegget nedanfor.