Pronomenøvingar for vidarekomne 1
Øv på nominativ-, akkusativ- og dativformene av dei personlege pronomena heilt til du er sikker på at dei "sit".
Nokre verb i tysk tar objekt i dativ, mellom anna helfen. Ved å gjere denne øvinga repeterer du både litt verbbøying og personleg pronomen i nominativ og dativ.
Løys øvinga skriftleg. Lag deg gjerne ein liten tabell med nominativ- og dativformene av dei personlege pronomena og skriv ned presensbøyning av verbet helfen før du går i gang.
Hjelper du oss?
De hjelper dere.
Hjelp meg, er De snill!
Hjelper dere meg?
Han hjelper deg.
Dere hjelper oss.
Jeg hjelper Dem, fru Müller.
Hun hjelper meg.
Vi hjelper dem.
Hjelper du ham?
I denne øvinga finn du dei same eksempelsetningane som i øving 2, men no skal du sette om munnleg. Gjenta gjerne øvinga heilt inntil du kan sette om korrekt og med god flyt.
Preposisjonar er ubøyelege ord som står framfor eit substantiv eller pronomen, til dømes med klassen, i hagen, på måndag, for deg, til meg. Preposisjon og tilhøyrande ord kallar vi for ein preposisjonsfrase.
I tysk styrer preposisjonane ulike kasus. Det vil seie at preposisjonen avgjer kva kasusending ordet som kjem etter, skal få. Her er to døme på pronomen etter preposisjon:
Preposisjonen für er ein akkusativpreposisjon. Den norske preposisjonsfrasen for meg blir då für mich på tysk.
Preposisjonen mit er ein dativpreposisjon. Norsk med meg blir derfor til tysk mit mir.
I denne øvinga får du repetert ein del dativ- og akkusativpreposisjonar.
Sjekk om du hugsar kva for preposisjonar som tar akkusativ, og kva for preposisjonar som tar dativ.
Kva heiter dei personlege pronomena ich, wir og ihr på norsk?
Øv på dei ulike kasusformene av ich, wir og ihr.
Vel rett kasusform av det personlege pronomenet.