Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Personleg pronomen i akkusativ

Personlege pronomen er ord som står i staden for substantiv. Dei kan vere subjekt eller objekt i ei setning. Dei fleste personlege pronomena har ulike subjekts- og objektsformer. Her lærer du akkusativforma, som er forma til det direkte objektet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg pronomen

Oppgåvene på denne sida føreset at du har lært om personleg pronomen i nominativ. Vil du sjekke om du har basiskunnskapen inne? Les samandraget nedanfor og gjer oppgåve 1.

Viss du kjenner deg trygg på dei personlege pronomena i nominativ, kan du gå rett på delen om kasus nedanfor.

Kort om personlege pronomen i tysk

  • Eit personleg pronomen er eit ord som står i staden for eit substantiv. Eksempel: I staden for substantivet tante kan vi bruke det personlege pronomenet ho.

  • Personlege pronomen kan vere subjekt eller objekt i ei setning.

  • Det høflege pronomenet heiter Sie på tysk. Det blir brukt når vi snakkar til ein eller fleire personar. I tysk er høfleg form langt meir vanleg enn i norsk.

  • I tysk blir er, sie og es brukte om både personar og ting. Er blir brukt ved hankjønnsord, sie ved hokjønnsord og es ved inkjekjønnsord.

Oversikt over personlege pronomen i nominativ

Vi skil mellom pronomen i første, andre og tredje person. Første person bruker vi når vi snakkar om oss sjølve. Andre person bruker vi når vi snakkar direkte til nokon. Tredje person bruker vi når vi snakkar om nokon.

Personleg pronomen

eintal

fleirtal

første person

ich (eg)

wir (vi)

andre person

du (du)

ihr (de)

tredje person

er, sie, es (han, ho, det)

sie (dei)

Øving 1: Kunnskapssjekk

Ta ein rask repetisjon av dei personlege pronomena i nominativ (subjektsform).

Kasus

Personlege pronomen har kasusbøying. Med det meiner vi at dei har ulike former som viser om dei er subjekt eller objekt i setninga.

  • Kasusen til subjektet (og predikativet) kallar vi nominativ. Det er denne forma vi finn når vi slår opp eit substantiv eller pronomen i ei ordbok.

  • Kasusen til det direkte objektet kallar vi akkusativ. Det er denne forma du lærer om no. I tillegg får du repetert nominativforma.

Øving 2: Kasus

  1. Sett om dei to eksempelsetningane nedanfor til norsk og engelsk.

  2. Analyser dei: Finn , og direkte objekt.

  3. Forklar: Har norsk og engelsk også kasusbøying av personleg pronomen?

Eksempelsetningar

  • Ich liebe dich.

  • Du liebst mich.

Svar (Prøv å svare sjølv før du kikkar!)

Omsetting

  • Eg elskar deg. I love you.

  • Du elskar meg. You love me.

Analyse

  • Subjekt: ich / eg / I

  • Verbal: liebe, liebst / elskar / love

  • Direkte objekt: dich / deg / you

Kasusbøying

Ja, også norske og engelske pronomen har kasusbøying (eg – meg, du – deg, I – me osv.).

Men nokre pronomen har i dag berre éi form, til dømes

  • dere i bokmål

  • han og dei i nynorsk

  • you i engelsk

Øving 3: Nominativ og akkusativ

Ni raske interaktive øvingar!

Øving 4: Akkusativ etter preposisjon

Preposisjonane durch, für, gegen, ohne og um tar akkusativ. Derfor må pronomenet få akkusativform når det står etter desse preposisjonane.

  • Jobb i par.

  • A leser setninga høgt og set ho om til norsk.

  • B gjer om den tyske setninga slik som i eksempelet.

Kjapt samanfatta

Du har no lært om personleg pronomen i akkusativ. Dette bør du kunne svare på no:

  1. Kva er eit personleg pronomen?

  2. Kva er nominativ og akkusativ?

  3. Nemn akkusativformene til desse tyske pronomena: ich, du, er, sie (ho), es, wir, ihr, sie (dei).

  4. Nemn nominativ og akkusativ av det tyske høflege pronomenet.

Repetisjon

Har du behov for ein liten repetisjon i etterkant? Eller føretrekker du heilt enkelt å gjere grammatikkøvingar med papir og penn? Då kan du bruke vedlegget nedanfor.

Filer

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2024

Læringsressursar

Pronomen